Hopp til innhald

Fagstoff

Kampen mot einsidige medieforteljingar

"Media fortel oss alt om korleis afrikanarar døyr, men ingenting om korleis dei lever." Utsegna stammar frå den svenske forfattaren Henning Mankell. Forenkla og generaliserande medieforteljingar frå det afrikanske kontinentet byggjer opp under stereotypiar og fordommar.
Afrikansk jente ser på eit verdskart. Det afrikanske kontinentet har raud farge, resten av kartet er grått. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Informasjon på tvers av kulturar og kontinent

For nokre tiår sidan var det ein viktig kamp for internasjonale organisasjonar som UNESCO å kjempe mot einvegs-straumen av nyheiter og medieinnhald, som gjekk frå nord til sør.

Dei siste åra har tilgangen til internett flytta perspektivet. På 1980-talet vart det kjempa for ein ny global informasjons- og kommunikasjonsorden (NWICO), mens fokuset i dag er tilgang til relevant informasjon på tvers av kulturar og kontinent.

Sjølv om det har vorte enklare å få tilgang til informasjon og medieinnhald frå så å seie heile verda, har ikkje dei store mediebedriftene eller innhaldsprodusentane endra seg så mykje. Framleis er mykje av medieinnhaldet vi får i norske eller vestlege medium, ganske einsarta om andre kulturar.

Den unge forfattaren Chimamanda Ngozi Adichie står på talarstolen. Ho har på seg ein sjokkrosa bluse. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Faren ved ei forenkla historie

I ein TED Talk som har fått mykje merksemd, snakkar den nigerianskfødde forfattaren Chimamanda Ngozi Adichie om problemet ved enkeltforteljingar. Forenkla og generaliserande forteljingar byggjer opp under stereotypiar. Problemet med stereotypiar er ikkje at dei er usanne, men at dei er ufullstendige. Den eine historia blir til den einaste historia.

Sjå foredraget til Chimamanda Ngozi Adichie: Faren ved ei enkelt historie

«Annanleggjering» av dei andre

Adichie viser korleis einsidige eller éin-dimensjonale oppfatningar av menneske lett fører til "annanleggjering". Slike forteljingar skaper medkjensle med "den andre" i staden for å sjå han eller ho som eit heilt og samansett menneske.

Kven som fortel historia, og kven ho retter merksemda mot, vil påverke korleis vi oppfattar både individ og grupper.

Det er viktig med eit mangfald av medierte historier som kan bidra til å menneskeleggjere andre kulturar, og til å skape styrke og samhald. Dersom vi berre høyrer den same forteljinga, vil ho forsterke ein bestemd versjon av kva som er rett og gale; sivilisert og usivilisert; fint og stygt; normalt og unormalt.

Sjå YouTubeklipp i artikkel

Kva inntrykk får du her av dagens unge afrikanarar?

De beste afrikanske albumene fra 2021

Afrika sett frå Noreg

I Noreg får vi generelt lite medieinnhald frå Afrika. Mykje av medieinnhaldet frå det afrikanske kontinentet er framleis prega av forteljingar om "liding og naud" eller afrikanarar som "mottakarar av godheita vår". Det gjer at når ei krise rammar, har vi eit smalare spekter å plassere informasjonen i.

Dersom vi hadde vore vande til eit stort tilfang av populærkultur, til dømes seriar som gjekk føre seg blant afrikansk middelklasse i moderne by-omgivnader, hadde vi hatt eit større og meir realistisk bakteppe å sjå enkeltnyheiter mot.

Når nyheitene melder om ein flaumkatastrofe i USA, trur vi ikkje omgåande at alle amerikanarar lid. Når vi høyrer om ein katastrofe i Afrika, er det lettare å tenkje at heile kontinentet er prega av krise og naud, fordi vi har så få andre medieforteljingar derfrå.

Tenk etter

Kvifor er det problematisk at vi får færre mediehistorier frå land langt borte enn frå eigen kultursfære?

Afrika som kulisse

Mange av dei klassiske vestlege filmane frå Afrika nyttar kontinentet mest som ein kulisse. Anten som eksotisk bakgrunn med vakker, vill og urørt natur eller som eit skummelt, mørkt valdslandskap. Filmar og seriar der vi blir kjende med vanlege afrikanarar med vanlege liv, som kan skape ei kjensle av at det er meir som sameiner oss enn skil oss, er sjeldan vare.

Skodespelaren Meryl Streep i kakiklede sit til hest omgitt av afrikanske gjetarar. Foto frå filmen "Out of Africa".
Opne bilete i eit nytt vindauge

For å vere sikre på at vi får eit vidt tilfang av perspektiv og representativitet, kan vi møte medieforteljingar med spørsmål som: Kven sine historier er det som blir fortalde? Av kven? Kva spørsmål blir stilte? Kva stemmer får vi høyre, og kva perspektiv er ikkje til stades?

Medieforteljingar som skaper respekt

Tre kirurgar i turkise drakter ved operasjonsbordet. Foto.

Medieforteljingar kan spele ei viktig rolle i å skape respekt og forståing mellom folk og kulturar. Ikkje minst kan gode forteljingar vise at det er fleire ting som sameiner oss som menneske, på tvers av kulturar, geografi og religion.

For å ha potensial til å skape respekt og samhald må medieforteljingane vise menneske frå andre kulturar som samansette menneske. Det er mange år sidan den svenske forfattaren Henning Mankell uttalte: "Media fortel oss alt om korleis afrikanarar døyr, men ingenting om korleis dei lever."

CC BY-SASkrive av Kristin Skare Orgeret.
Sist fagleg oppdatert 22.03.2022

Læringsressursar

Internasjonal nyheitsformidling