Hopp til innhald

Fagstoff

Al Jazeera endrar nyheitsbiletet

Den som definerer nyheitsbiletet, har makt over opinionen. Vestlege medium dominerte lenge det internasjonale mediebiletet, men det globale medielandskapet er i endring. Nye internasjonale TV-stasjonar bidreg til eit meir nyansert nyheitsbilete.

Den arabiske TV-kanalen Al Jazeera

Angloamerikanske nyheitskanalar som BBC og CNN har i mange år dominert det internasjonale nyheitsbiletet. Nyheitsbyrået Inter Press Service (IPS) var lenge den einaste alternative kjelda til nyheiter frå "den tredje verda". I dag slåst fleire internasjonale TV-stasjonar om å definere kva som er sanninga om det som skjer. Mykje tyder no på at det globale mediebiletet er i ferd med å endre seg radikalt.

Ein av dei viktigaste aktørane er den arabiske TV-kanalen Al Jazeera, som vart grunnlagd i 1996. Den 16. november 2006 vart den engelske versjonen av Al Jazeera lansert. Al Jazeera er eigd av Qatar Media Corporation, som igjen er eigd av Qatars overhovud sjeik Hamad bin Khalifa al Thani. Hovudsetet er i Doha, hovudstaden i Qatar, men TV-stasjonen har 45 lokalkontor verda over. I dag har Al Jazeera 100 millionar sjåarar, like mange som BBC.

Eksplosjon av internasjonale TV-kanalar

– Alle nyheiter blir presenterte med det kulturelle perspektivet til den som rapporterer det, seier Alain de Pouzilhac, toppsjef i TV-kanalen France 24 til avisa The Guardian. Dekninga av Irak-krigen i 2003 fekk mange journalistar til å vakne opp. Nyheitskanalar som BBC og CNN var einerådande i formidlinga av det som skjedde. Journalistane følgde dei amerikanske troppane på slagmarka, og nyheitsdekninga var sterkt prega av militær propaganda. Det vart svært tydeleg at den som rår over nyheitsstraumen, kan forme opinionen.

I 2006 førte Al Jazeera eit arabisk perspektiv inn i nyheitsdekninga. Berre tre veker etter, den 6. desember 2006, vart den franske nyheitskanalen France 24 lansert. Også franskmennene ønskte å få fram perspektivet sitt på konfliktar og formidle "franske verdiar" i det internasjonale mediebiletet. USA, Saudi-Arabia og Russland har svart på utfordringa frå Al Jazeera ved å lansere dei nye TV-kanalane Al Hurrah, Al Aarabyia og Rusiya Al Yaum. Talet på internasjonale TV-kanalar har eksplodert. I dag finst det over 450 TV-kanalar i den arabiske verda.

Al Jazeera dekte rettssaka etter 22. juli. Frå eit arabisk perspektiv blir hendinga sett på som éin av mange valdelege aksjonar retta mot globalisering.

Den russiske senatoren Vladimir Sloutsker erklærte at han ønskte å etablere ein ny, global jødisk TV-kanal, mellom anna for å utfordre Al Jazeera International.

Utfordrar det tradisjonelle nyheitsbiletet

Den amerikanske utanriksministeren Hillary Clinton uttalte i 2011 til avisa Le Monde at USA taper informasjonskrigen, fordi dei store amerikanske fjernsynskanalane sender millionar av reklamar og ekspertdebattar, mens Al Jazeera stadig får fleire sjåarar i USA fordi kanalen formidlar verkelege nyheiter. Ho la til:

– Anten de liker det eller ei, er han verkeleg mektig. Han er i ferd med å endre måten folk tenkjer og handlar på.

Utfordrar også den arabiske verda

Men Al Jazeera utfordrar ikkje berre folk i Vesten. TV-kanalen har gitt opposisjonen ein talarstol og slik sett opna den arabiske verda for arabarar. Al Jazeera speler derfor ei sentral rolle ved å gi rom for meiningsytringar og debatt, både på TV-skjermen og i sosiale medium.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Jan-Arve Overland.
Sist fagleg oppdatert 08.03.2022

Læringsressursar

Internasjonal nyheitsformidling