Hopp til innhald

Fagstoff

Presseskikk i Europa

System der pressa vaktar seg sjølv, blir kalla sjølvregulering. System der klageorgan er heimla i lovverket, blir kalla samregulering. Dei fleste europeiske landa har system som liknar på PFU.
kart over Nord-Europa. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Forskjell frå land til land

Medan USA, den største mediemarknaden i verda, ikkje har noko nasjonalt system for klager mot pressa, har dei aller fleste europeiske landa system som liknar på Pressas Fagege Utval i Noreg (PFU). Landa har studert ordningane i nabolanda og forsøkt å finne ut kva som fungerer best, men det er framleis klåre forskjellar frå land til land.

Straffereaksjonar

Sverige er det einaste landet der sjølvdømeorganet (Pressens Opinonsnämnd) har myndigheit til å gje media økonomisk straff. I halvparten av dei europeiske landa ligg ”straffa” i at den redaksjonen som får ei kjenning mot seg, er forplikta til å offentleggjere kjenninga. Men i fleire land, som Austerrike, Tyskland og Estland, blir ikkje vedtaka til sjølvdømeorganet offentleggjorde i det heile teke.

Klageorgan

Sverige er også eitt av få land som har ein eigen presseombodsmann i tillegg til det etiske utvalet. Hensikta med å ha to ulike instansar er at den eine – ombodsmannen i Sverige – kan førebu saker for det utvalet som tek den endelege avgjerda, og også ta initiativ i saker der ingen har klaga.

Irland, Austerrike og den flamske delen av Belgia har også ombodsmannsordningar. I dei fleste andre landa kan utvala sjølve ta initiativ. Det gjeld blant anna Noreg, der generalsekretæren i Norsk Presseforbund (som også er sekretær for PFU) har ein slik rett. Men retten blir sjeldan brukt i nokon av landa.

Nokre land har ei ordning der klageorganet fungerer som ein meklar mellom redaksjonen og den som føler seg krenkt. I Noreg ber PFU redaktøren forsøke å få til ei minneleg ordning, ofte ei orsaking, i nokre tilfelle ei erstatning, men både i Tyskland, Nederland, Malta, Irland og fleire andre land, forsøker klageorganet å få partane til å bli samde før saka eventuelt blir avgjord som ei klagesak.

Sjølvregulering eller samregulering

I Danmark, Irland, Litauen og den franskspråklege delen av Belgia, finst det ikkje ei uavhengig sjølvdømeordning. Der er klageorgana enten oppnemnde av staten, eller oppnemnde med heimel i ei lov. Danmark har ei pressenemnd som er oppnemnd etter eit pålegg i den danske medieansvarslova. Denne nemnda erstatta ei tidlegare ordning som pressa sjølv styrte. Dette systemet blir kalla samregulering (co-regulation), i motsetnad til sjølvregulering (self-regulation).

I nokre land betaler staten nokre av kostnadene til klageorgana, utan å blande seg inn på andre måtar. Dette er situasjonen i Austerrike, Tyskland, Finland og den flamske delen av Belgia. I alle landa finst det lover som kjem i tillegg til media sine eigne etiske regelverk, og som blir handsama av domstolane uavhengig av det som skjer i pressa sitt sjølvdømeorgan.

Medan PFU tidlegare ikkje handsama saker som var klaga inn for domstolen, eller der det var varsla at dei ville bli det, speler det ikkje lenger noka rolle for PFU om klagaren også går til rettssak. Dette er det mest brukte systemet også i andre europeiske land.

Bukken og havresekken?

Den kritikken som oftast blir framsett mot systemet med faglege utval (vanlegvis kalla press councils), er at dei er bukken som passar havresekken. Slik må ei sjølvdømeordning sjølvsagt fungere. Det er bransjen som vurderer sin eigen standard. Men for å auke legitimiteten til utvalet, har mange land valt å ta med representantar for allmenta, som i Noreg.

Det vanlegaste systemet er at utvalet består av tre partar; journalistar/redaktørar, medieeigarar og allmenta, eller berre av redaktørar/journalistar og representantar for allmenta (som i Noreg). I Slovakia består utvalet utelukkande av representantar for allmenta, medan Slovenia er det einaste landet som berre har journalistar og redaktørar i utvalet. Tyskland og Luxembourg er dei einaste landa der berre journalistar/redaktørar og medieeigarar sit i utvalet.

Storbritannia er ikkje nemnd her fordi systemet der er under kraftig revisjon, men det ser ut til at britane får eit av dei strengaste, og mest statsstyrte, systema for regulering av presseetikk i Europa.

CC BY-SASkrive av Sven Egil Omdal.
Sist fagleg oppdatert 29.01.2018

Læringsressursar

Internasjonal nyheitsformidling