Journalistikk i krig og konfliktar - Medie- og informasjonskunnskap 2 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Journalistikk i krig og konfliktar

Krigsjournalistikk skildrar krig og konfliktar frå ulike ståstader. Statsleiarar og generalar forventar ofte at media lojalt støttar nasjonale interesser i ein krig. Men journalistikken skal også stille kritiske spørsmål, vitne om det som faktisk skjer, og fortelje offera si historie.

Vi gjer merksam på at artikkelen inneheld ein video med sterke bilete av lidingar under krig.

Narrativa til krigsjournalistikken

Historier om krig og væpna konfliktar har til alle tider prega det journalistiske nyheitsbiletet. Krigsjournalistikk har stor nyheitsverdi, sidan han handlar om dramatiske hendingar som gjeld mange, både direkte og indirekte.

Rolla til krigsjournalistikken er ikkje berre å formidle kva som skjer på slagmarka – journalistikken skal også gi oss eit breiare bilete av kva konsekvensar ein krig kan ha. Slik er media også med på å forme verkelegheitsoppfatninga vår.

Krigsjournalistikken kan delast i to kategoriar:

  • journalistikk som bygger på statleg og militær informasjon, og som handlar om militære aksjonar og endringar i maktforhold

  • journalistikk som byggjer på augevitneskildringar, og som set søkjelys på dei konsekvensane krigen har for sivilbefolkninga

Det militære narrativet

Vinteren 2022 gjekk Russland til militært angrep på Ukraina. Men krigen går ikkje berre føre seg på slagmarka. Det er òg ein informasjonskrig der språket og bileta som blir brukte, speler ei sentral rolle. Sofie Gran Aspunvik, leiar for utanriksredaksjonen i NRK, fortel i dette videoklippet frå NRK Skole frå 2022 om kor krevjande det kan vere å skilje ut kva som er fakta, og kva som er falsk informasjon og rein propaganda i informasjonsstraumen.

Det er ofte vanskeleg for ein journalist å kontrollere informasjon frå militære kjelder. Partar som deltek i krig, har interesse av å halde tilbake informasjon. Dei vil at historia deira om krigen skal prege mediebiletet. Derfor forsyner dei ofte media med bilete av det dei ønskjer å vise fram, anten det er sundbomba bygningar eller ein hær som erobrar stillingane til fienden.

Slike speler på gamle førestillingar om at krigar er maktkampar mellom militære styrkar som representerer gode og vonde nasjonar. I desse forteljingane blir sivile tap ofte bortforklarte eller ikkje nemnde.

Det norske militære narrativet

Norske medium har fått kritikk for at dei i altfor stor grad har opptredd som lojale talerøyr for styresmaktene og Nato i dei krigane Noreg i seinare tid har vore involvert i, i Irak, Libya og Afghanistan. Det kan sjølvsagt kome av mangel på motførestillingar i befolkninga. Dei dominerande politiske partia i Noreg er stort sett samde om utanrikspolitikken og forsvarspolitikk i landet, og nordmenn flest støttar opp om det når ungdommane "våre" blir sendt ut i skarpe oppdrag.

Men det kan også kome av at journalistane er avhengige av at styresmakter og militære lèt dei sleppe til i krigsområdet og sørger for nødvendig sikkerheit. I ein slik situasjon er det vanskeleg å drive kritisk journalistikk, sidan tilgang til kjelder kan hindrast med argument om at det inneber ein sikkerheitsrisiko.

Ein studie Rune Ottosen gjorde i 2007 av VGs og Aftenpostens dekning av krigen i Afghanistan, viser at journalistar i svært stor grad bruker norske og amerikanske politikarar og ekspertar som kjelder. Resultatet er få kritiske reportasjar om norsk krigsinnsats.

Derimot er det mange solskinshistorier om kor viktige dei norske bidraga er. Slike narrativ bygger opp under det professor Terje Tvedt kallar "det norske godheitsregimet". Noreg ønsker gjerne å stå fram internasjonalt som ein viktig bidragsytar til utvikling og fred i land som er ramma av krig og krise.

Historiene om krigen sine offer

Det andre narrativet i krigsjournalistikken handlar om krigen sine offer. Det er eit journalistisk ideal å opptre som "stemma til dei stemmelause" og formidle dei konsekvensane som krigen sin råskap har for sivilbefolkninga.

Ein del journalistar og pressefotografar vel derfor å trasse faren ved å bevege seg inn i krigsområde for å sjå krigen sine herjingar med eigne auge. Dei rapporterer om livet i utbomba byar og rapporterer frå flyktningleirar og overfylte sjukehus. I dei aller sterkaste historiene møter vi barn som lever under umenneskelege forhold.

Kor langt går ein krigsfotograf for å gi ei stemme til dei stemmelause? Her får du eit sterkt møte med krigsfotografen Gabriel Chaim. Video: Kolbjørn Hoseth Larssen / CC BY-NC-SA 4.0

Mange journalistar og pressefotografar har betalt med eige liv for å få fram slike historier. Berre i Afghanistan er 55 journalistar drepne dei siste 30 åra. Forsking viser at journalistane ikkje lenger blir sett på som nøytrale observatørar i krig, men har blitt eit mål i seg sjølv for dei som ønsker at historier ikkje skal bli kjende.

Skuldingar om partisk journalistikk

Når journalisten er augevitne til lidingane under krigen, blir forteljingane uunngåeleg prega av kjenslemessige reaksjonar. Nokre reagerer på dette, og stemplar slike reportasjar som "partiske". Denne kritikken har mellom anna vore retta mot NRKs korrespondent Sidsel Wold og TV 2s reporter Fredrik Græsvik med bakgrunn i augevitneskildringane deira frå den israelske bombinga av Gaza.

Israelske styresmakter har kritisert skandinavisk presse for å ha ei antiisraelsk haldning i måten dei dekker Midtausten-konflikten på, mellom anna ved at journalistane ofte set søkelyset på lidinga til enkeltpersonar i staden for å vise heile nyheitsbiletet.

Les eit tilsvar til dette frå nyheitsredaktør Per Arne Kalbakk i NRK (frå 2014): NRK: Om å rapportere fra krigen.

Kritisk journalistikk kan endre gangen i krigen

Spelefilmen The Post (2017), regissert av Steven Spielberg, fortel historia om korleis avisa The Washington Post i 1971 fekk tilgang til hemmelege Pentagon-papir. Avisa valde å trykke ein artikkel som avslørte at amerikanske styresmakter medvite hadde loge til befolkninga om utviklinga i Vietnamkrigen, og at dåverande president Richard Nixon vurderte å ta i bruk atomvåpen. Den regimekritiske journalistikken til avisa bidrog til at amerikanarane trekte seg ut av Vietnam i 1973.

Men dette er berre ein del av sanninga om journalistikken si rolle i Vietnamkrigen. Over tid hadde det bygd seg opp ein sterk opinion mot krigen, både i USA og Europa, som følge av at pressefotografar formidla sterke tv-bilete rett inn i heimane til folk. For første gong var folk i stand til å sjå krigen sin råskap med eigne auge.

I dag er derfor krigsherrar restriktive når det gjeld å gi media tilgang til krigsområde. Mange stader blir det innført medieforbod. Etiopiske styresmakter nekta i 2021 journalistar tilgang til den borgarkrigsramma Tigray-provinsen. Den islamske staten (IS) nekta også journalistar tilgang til byen Raqqa i Syria, der dei hadde hovudkvarteret sitt i perioden 2014–2018.

Modige stemmer trassar medieforbod

Filmen City of Ghosts: Raqqa er sett saman av mobilopptak gjorde av ei gruppe unge menn då IS omleira den syriske byen Raqqa. Byen var hermetisk lukka for journalistar, men nokre innbyggarar klarte via sosiale medium å få ut informasjon som blei vidareformidla av frie medium.

I 2015 fekk gruppa RBSS prisen International Press Freedom Award for arbeidet sitt.

Les om og sjå City of Ghosts: Raqqa hos Khrono.

Kjelder

Allern, S. (2018, 16. februar). Vietnamkrigen, mediemytene og filmen "The Post". Uniform. https://www.uniforum.uio.no/leserbrev/2018/vietnamkrigen-mediemytene-og-filmen.html

Eide, E. (2021, 13. oktober). Journalistikk, krig og fred. NUPI. https://www.nupi.no/Publikasjoner/Innsikt-og-kommentar/Hvor-hender-det/HHD-2021/Journalistikk-krig-og-fred

Gjestvang, A. (2018, 17. april). André Liohn: Krigsjournalistikken har blitt symbolsk og illustrativ heller enn å vise krigsforbrytelsene. Journalisten. https://journalisten.no/nrk-uriks-andr-liohn-dagens-naeringsliv/andr-liohn-krigsjournalistikken-har-blitt-symbolsk-og-illustrativ-heller-enn-a-vise-krigsforbrytelsene/279128

Nordby, K. J. (2009). Fremstillingen av krigen i Afghanistan i norske medier [Masteroppgåve]. Universitetet i Oslo. https://core.ac.uk/download/pdf/30835501.pdf

NOU 2003: 19. (2003). Makt og demokrati. Arbeids- og administrasjonsdepartementet. https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/nou-2003-019/id118893/

NTB (2021, 22. juni). Pentagon Papers, lekkasjen som endret en krig. Forsvarets forum. https://forsvaretsforum.no/krig-usa-utenriks/pentagon-papers-lekkasjen-som-endret-en-krig/205483

Ottosen, R. (2019). Fra kald krig til "out of area"-strategi: Mediene og Norges deltagelse i Natos nye kriger 1999–2018. Mediehistorisk Tidsskrift, 16(32), 66–88. https://medietidsskrift.no/wp-content/uploads/2019/12/NMF-tidsskrift-32_2019_web.pdf

Strømskag, A. T. (2021, 26. mai). Krigen om narrativet. Dagsavisen. https://www.dagsavisen.no/debatt/2021/05/26/krigen-om-narrativet/



Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 13.06.2023