Samanlikn og drøft to teoriar
Det finst fleire teoriar om korleis media påverkar oss. No skal du samanlikne og drøfte to ulike teoriar.
Ta utgangspunkt i desse to teoriane:
Ivan Pavlovs stimuli–respons-teori
George Gerbners kultivasjonsteori
Kva går dei to teoriane ut på? Søk på internett etter informasjon.
Kva har dei to teoriane til felles?
Kva skil dei to teoriane frå kvarandre?
Kva tilseier at teoriane framleis er haldbare?
Kva tilseier at teoriane er utilstrekkelege for å forstå korleis mediepåverknad går i dag føre seg?
I fagartikkelen "Å samanlikne og drøfte mediefaglege teoriar" får du tips til korleis du går fram.