Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Vurder om teoriane er haldbare

I denne oppgåva skal du reflektere rundt forskjellen på korleis journalistar og forskarar går fram når dei ønsker å verifisere ulike påstandar og teoriar. Å verifisere betyr å stadfeste at teorien er sann eller sannsynleg.

Oppgåve 1: Kva kan ein faktasjekkar sjekke?

Les meir om korleis ein faktasjekkar jobbar i artikkelen "Slik jobber vi" på Faktisk.no.

  1. Kva kan ein faktasjekkar ?

  2. Kva er det ein faktasjekkar ikkje kan seie noko om, og kvifor kan ikkje alle utsegner faktasjekkast?

Oppgåve 2: Avslør ein konspirasjonsteori

Teikneserierute som viser ei kvinne som er hos legen. Kvinna seier at ho treng hjelp fordi ho er gift med ein konspirasjonsteoretikar. Legen seier med medkjensle at det var verre enn han hadde frykta. Teksten er på engelsk. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Kva er ein konspirasjonsteori?

  2. Vel ein konspirasjonsteori frå oversikta i artikkelen "10 populære konspirasjonsteorier" hos ABC Nyheter. Korleis vil du som journalist og faktasjekkar gå fram for å avsløre at denne teorien er usann?

  3. Korleis ville du ha gått fram dersom du var forskar?

  4. Forklar forskjellen på forsking og undersøkande journalistikk.

Oppgåve 3: Vurder haldbarheita til to motstridande teoriar

Vitskaplege teoriar bygger på forsking, men av og til kjem forskarar fram til heilt ulike teoriar om eitt og same fenomen. Det finst til dømes ulike teoriar om korleis vi blir påverka av vald i media.

Ung kvinne med blå maling i ansiktet og lange, spisse øyre, ring i nasen og spesielle tenner som står opp frå munnen. Kvinna er kledd som ein karakter frå dataspelet World of Warcraft. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dei fleste medieforskarar konkluderer med at det ikkje finst tydelege årsakssamanhengar mellom medievald og det at folk sjølve utøver fysisk vald mot andre. Men dei meiner at valdelege personar ofte blir tiltrekte av valdeleg medieinnhald i filmar og spel.

Psykologiprofessor Atle Dyregrov er ueinig i dette. Han meiner at psykologisk forsking klart viser at barn som speler valdelege dataspel, har større risiko for å utvise aggressiv åtferd og aggressive tankar.

Tenk deg at du er medieforskar. Korleis ville du gå fram for å undersøke haldbarheita til desse to teoriane og avgjere kva for ein av dei som er mest sannsynleg? Lag ei skisse for eit forskingsprosjekt som har som mål å ein av teoriane.

Relatert innhald

I denne fagartikkelen lærer du om omgrep som teori, empiri og hypotese, og om korleis forsking kan bidra til teoretisk innsikt.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 25.04.2022

Læringsressursar

Forsking på media