Forsking på mediebruk
Tenk over
- Kva styrer mediebruken din?
- Kva behov tilfredsstiller mediebruken din?
Mediebruk kan målast på ulike måtar. Gjennom forsking på ulike sider ved mediebruken vår ønskjer forskarar å forstå han. Medieforskarar undersøkjer til dømes korleis media blir brukte, og korleis publikum tek imot mediebodskapane. Til liks med media sjølve har medieforskinga òg endra seg gjennom tidene.
På byrjinga av 1900-talet blei media oppfatta som «allmektige», då ein meinte at media hadde ein sterk og direkte påverknad på publikum. Medieforskinga var basert på effektforsking, og ein undersøkte kva effekt media hadde på publikum. Stimulus–respons-modellen, som blei utvikla på denne tida, forklarer at media har sterk effekt, omtrent same effekt som ei sprøyte – injeksjonen verkar med det same.
Forsking på effektar handlar om korleis medieinnhald påverkar individet. Ein kan måle effekten av denne mediepåverknaden ved å sjå på endringar i åtferd og haldningar.
Bruksstudiar er ein type medieforsking som oppstod då media blei skildra som «avmektige», altså utan eiga påverknadskraft. På denne tida blei forskarane interesserte i korleis og kvifor publikum bruker media.
Bruksstudiane fokuserer på at publikum er tenkjande individ som aktivt tek imot medieinnhald. Media blir brukte til å dekkje ulike behov, som informasjonsbehov og behov for underhaldning. Studiane fokuserer på kva folk bruker medium til, og på kva utbytte dei får av å bruke dei.
Tenk over
- Har du publisert eit innlegg på eit sosialt medium, som blei tolka på andre måtar enn det som var intensjonen din?
- Kva blei konsekvensane av det?
Forskarar innanfor resepsjonsforskinga undersøkjer kva meining publikum får ut av å tolke medieinnhald. Publikum blir sett på som aktive fortolkarar av bodskapen i media, og medieinnhald må tolkast for å gi meining. Ulike mottakarar tolkar bodskapar på ulike måtar.
Stuart Hall introduserte kommunikasjonsmodellen «koding–avkoding». Ifølgje Hall viser koding til prosessen der medieteksten eller -bodskapen blir utforma, mens dekoding viser til korleis mottakaren tolkar bodskapen. Bodskapen kan tolkast på ein annan måte enn det som var intensjonen til avsendaren.
Resepsjonsforsking nyttar ofte kvalitative forskingsmetodar. Kvalitativ metode handlar om å samle inn informasjon gjennom metodar som observasjon, deltaking og intervju.
Det har skjedd store endringar i mediebruken dei siste åra. Digital teknologi har lagt til rette for meir variert mediebruk, og vi bruker media på kryss og tvers av ulike plattformer. Dette har òg fått konsekvensar for forskinga; ny teori og nye omgrep har blitt utvikla.
I dag har vi tilgang på mange medium. Vi har tilgang til svært mykje informasjon, på ulike plattformer. Tilgangen på informasjon er så stor at vi berre har høve til å bruke ein brøkdel av det medieinnhaldet som er tilgjengeleg. Dette kan vi beskrive som eit informasjonsoverskot.
At vi har informasjonsoverskot, kan få ulike konsekvensar. Éin konsekvens kan vere at viktig medieinnhald, som nyheiter frå redaksjonelle medium, blir valt vekk. I eit demokrati er innbyggjarane avhengige av informasjon. Redaksjonelle medium skal formidle informasjon som gjer at folk kan delta i samfunnsdebatten og ta medvitne val. Innhald frå redaksjonelle medium speler òg ei viktig rolle når det gjeld å avsløre maktmisbruk og kritikkverdige forhold hos styresmaktene.
Medieforskarar skil gjerne mellom mediebruk som primæraktivitet og mediebruk som sekundæraktivitet. Primæraktivitet er då mediebruk som kjem i første rekkje, til dømes om du set deg ned framfor TV-en og ser Dagsrevyen på NRK.
Mediebruk som sekundæraktivitet kan beskrivast som det som kjem i andre rekkje, altså det du gjer i tillegg til noko anna. Samtidig som du ser Dagsrevyen på TV, sjekkar du kanskje Instagram eller sender ein snap til vennene dine.
Når vi bruker fleire medium på same tid, driv vi med det medieforskarar beskriv som mediesjonglering – vi sjonglerer mellom ulike medium. Men kva er eigentleg primæraktiviteten, altså det som kjem i første rekkje? Er snappen til vennene dine viktigare enn nyheitssendinga på NRK? Kva som er primæraktivitet og kva som er sekundæraktivitet, kan raskt endre seg når vi har tilgang til mange medium og sjonglerer mellom ulike medium på same tid.
- effektforsking
- bruksstudiar
- resepsjonsforsking
- kvalitativ metode
- medietekst
- informasjonsoverskot
- primæraktivitet
- sekundæraktivitet
- mediesjonglering
Relatert innhald
Vi blir alle påverka av media rundt oss. Det finst ulike teoriar om korleis vi blir påverka og kor mykje dette styrer haldningane og handlingane våre.