Utforsk nyheitsforteljingar om sjukdommen covid-19
Kven finn flest forklaringar på korleis koronaviruset oppstod?
Søk på nettet etter både norske og internasjonale nyheitssaker som handlar om korleis koronaviruset oppstod.
Lag ei liste over forklaringar med lenkje til den nyheitskjelda der opphavet til koronaviruset blir beskrive.
Den som finn flest ulike forklaringar, blir kåra til klassens nyheitsdetektiv.
Jobb saman med å sortere dei ulike årsaksforklaringane i følgjande ulike kategoriar:
vitskaplege forklaringar
politiske forklaringar
spekulasjonar
konspirasjonsteoriar
andre forklaringar
Neste steg er å finne fram til nyheitsforteljingar som forklarer kvifor befolkninga i nokre landområde og minoritetsgrupper med utanlandsk opphav blir ramma hardare av koronapandemien enn andre.
Sorter også desse forklaringane i ulike kategoriar. Det kan til dømes vere
fysiologiske forklaringar
samfunnsmessige forklaringar
politiske forklaringar
moralske forklaringar
spekulasjonar
konspirasjonsteoriar
Samanlikn nyheitsformidlinga om covid-19 frå ulike nyheitskanalar. Vel til dømes CNN og CCTV.
Kva for teoriar legg ulike internasjonale nyheitskanalar til grunn for
korleis koronaviruset oppstod?
kvifor nokon blir ramma hardare av pandemien enn andre?
Finn de nokon mønster?
Kva har de lært gjennom å studere internasjonal nyheitsdekning av koronapandemien?