Hopp til innhald

Fagstoff

Å samanlikne og drøfte mediefaglege teoriar

Neste år er du ikkje lenger skuleelev, men student. I den første heimeoppgåva på den nye studiestaden blir du kanskje beden om å samanlikne eller drøfte nokre teoriar. Her får du tips du korleis du kan gå fram.
Ein mann i dress sit på ein fjelltopp og held ein kikkert. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eit fjell har fleire sider

Tenk deg at to turgåarar skal beskrive korleis det er å ta seg opp på eit fjell. Den eine beskriv turen som ein lett og hyggeleg spasertur i frodig natur. Den andre fortel om strabasiøs klatring i stupbratt terreng. Begge har rett. Saka er at dei har valt å klatre opp på kvar si side av fjellet.

På same måte finst det fleire vitskaplege teoriar som forklarer det same fenomenet. Men det betyr ikkje nødvendigvis at den eine teorien er rett og dei andre feil. Dei tek berre for seg ulike sider ved fenomenet.

Å samanlikne teoriar

Når du samanliknar to teoriar, ser du etter likskapar og forskjellar. Kva er det teoriane har felles, og på kva måte skil dei seg frå kvarandre?

Du kan òg undersøke om teoriane er forankra i ulike vitskapssyn eller grunnleggande vitskaplege perspektiv. Ein psykolog og ein økonom vil til dømes vere oppteken av ulike teoriar om korleis reklame påverkar oss som individ.

Døme

Les fagartikkelen "Teoriar om semantikk"

Bruk tabellen nedanfor til ei enkel samanlikning av teoriane.

samanlikn teoriar om semnatikk
Teoretikarer mest oppteken avfellestrekk med andre teoriarulikt frå andre teoriar

Saussura

Peirce
Barthås
Hall

Å drøfte teoriar

Når du drøftar ein teori, kan du vurdere i kva grad teorien er haldbar. Du kan til dømes bruke nyare empiriske data til å argumentere for at det er sannsynleg at teorien er rett eller feil.

Du kan òg vurdere styrkar og svakheiter ved dei ulike teoriane. Kva er det ved fenomenet akkurat denne teorien klargjer, og kva er det han ikkje seier noko om?

I ei drøfting kan det i tillegg vere naturleg å vurdere i kva grad teorien tek høgde for situasjonen slik han er i dag, eller om han heng fast i eit gammalt verdsbilete.

Teoriar endrar seg i takt med endringar i samfunn. Erfaringane og førestillingane medieforskarar på 1920-talet hadde om påverknadskrafta media har, vart til i eit samfunn utan fjernsyn, internett og sosiale medium. Medieutviklinga er tett kopla til teknologiutvikling. Det har derfor vore nødvendig å utvikle nye teoriar om mediepåverknad som er tilpassa ei endra verkelegheit.

Døme

Les fagartikkelen "Teoriar om mediepåverknad".

drøft teoriar om mediepåverknad
TeoriarKva går teorien ut på?Er teorien aktuell i dag?Kva taler for at teorien er haldbar?Kva taler for at teorien er feil?
Stimulus–respons-modellen
Teorien om avmektige medium
Tostegshypotesen
Kultivasjonsteorien

Lær deg å skrive akademiske oppgåver

Fleire høgskular og universitet har saman med Nasjonalbiblioteket laga ei rettleiing i akademisk skriving for studentar.

Søk og skriv: Skriving

Du kan gjerne bruke denne "oppskrifta" når du skriv ei fordjupingsoppgåve i mediefag. Det er nemleg lurt å trene på å skrive ei slik oppgåve i eit mindre format før du blir student.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 22.04.2022

Læringsressursar

Forsking på media