Hopp til innhald

Fagstoff

Teori, empiri og vitskap

Kva er forskjellen på teori og empiri, og kva er forskjellen på vitskap og forsking? I denne fagartikkelen lærer du kva dei ulike omgrepa betyr, og korleis forsking kan bidra til teoretisk innsikt.
Jente med briller trykker på ein glasskjerm der det er teikna opp mange figurar med relasjonar seg imellom. Foto.

Kva er ein teori?

Slit du med å sovne på kvelden? Kanskje det kjem av at du gruer deg til matteprøven neste dag? Eller kanskje du tenker at hjernen er overstimulert på grunn av lyset frå pc- og mobilskjermen? er førestillingane vi har om korleis ting heng saman.

I forskingssamanheng bruker vi for å undersøke og diskutere hypotesar. Ein teori er ei tydeleg definert forklaring på samanhengar ein forskar har funne fram til gjennom undersøkingar.

Mediefaglege teoriar er forklaringar utvikla av forskarar som jobbar med mediefaglege problemstillingar. Døme er teoriar om mediepåverknad og teoriar som handlar om kommunikasjon, til dømes forteljeteori, semiotikk og retorikk.

Omgrep om vitskap

Tydeleg definerte omgrep er nødvendig for å kunne beskrive faglege teoriar presist. Dette er grunnen til at du stadig blir beden om å definere og forklare omgrep når du jobbar med mediefaglege oppgåver.

Snakk saman to og to

Forklar desse omgrepa for kvarandre

  • omgrep

  • teori

  • empiri

  • forsking

  • vitskap

Søk til slutt opp omgrepa på nettet. Stemmer forklaringane på nettet med det de kom fram til?

Kva er empiri?

Forsking handlar om å skaffe ny kunnskap om eit fenomen. Ein vanleg måte å gjere dette på er å samle inn og omarbeide empiriske data. Ordet empiri betyr "erfaringslære", og empirisk kunnskap er kunnskap som bygger på eksperiment, datainnsamling og erfaring. Empiriske data kan vi skaffe oss gjennom

  • spørjeundersøkingar

  • eksisterande statistikk

  • kvalitative intervju

  • observasjon

  • dokumentanalyse

Når dataa er samla inn, må dei omarbeidast, analyserast og tolkast. Då leiter forskaren etter mønster og samanhengar som kan seie noko om fenomenet han eller ho undersøker.

Frå empiri til teori

Ein hypotese er ei antaking om ein samanheng. Når du skal utforske eit fenomen, kan du byrje med å setje opp ein eller fleire hypotesar for det du trur kan vere samanhengar eller lovmessigheiter. Ein hypotese er altså kvalifisert gjetting. Du veit enno ikkje kva løysinga er, men du har ein idé.

Ein hypotese må formast ut slik at han er falsifiserbar. Det vil seie at det må vere mogleg å avgjere om han er sann eller ikkje. For å kontrollere om hypotesen din stemmer, kan du bruke ulike metodar til å hente inn data for å teste hypotesen.

Ellipsar og rektangel med piler mellom og tekst: modell som viser prosessen frå problem, idé eller spørsmål via formulering og testing av hypotese til ein teori. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dersom dataa du samlar inn – empirien – støttar opp om hypotesane, kan du slutte at dei generelle tankane – teorien – kanskje er rett. Jo fleire nærståande hypotesar vi testar, jo sikrare kan vi vere på at den generelle samanhengen er sannsynleg. Dersom andre kjem til det same resultatet som deg, vil det bli einigheit om at hypotesane er ein god modell for å beskrive verkelegheita. Dersom forskarmiljøet kjem til ei slik einigheit, vil hypotesane få status som ein teori.

Dersom dataa ikkje stadfestar hypotesane, må dei forkastast, endrast eller forfinast. Ved å gjenta prosessen fleire gonger kan vi luke bort feilaktige antakingar – og ved hjelp av vidare deduksjon komme eitt steg nærare ein konklusjon om ein samanheng eller ei lovmessigheit.

Vi kan likevel aldri vere heilt sikre på at det vi kjem fram til, er heilt korrekt, berre at det er sannsynleg. Hypotetisk-deduktiv metode beviser ikkje at noko er sant, men at noko ikkje er sant.

Vitskap

Store norske leksikon forklarer forskjellen på vitskap og forsking slik:

Vitenskap er systematisk, metodisk og kritisk undersøkelse, studium eller forskning. For eksempel sier vi at noe er vitenskap hvis det følger visse kriterier for god forskning.

Vitenskap kan også betegne et fagområde som er gjenstand for slik undersøkelse eller forskning. For eksempel omtaler vi fagområdet som studerer naturen på en vitenskapelig måte, for naturvitenskap. (Store norske leksikon, 2021)

Det er vanleg å dele vitskapane opp i tre hovudgrupper:

  • Naturvitskap handlar om naturskapte forhold og naturlover.

  • Humaniora handlar om menneskelege idéar, førestillingar og kjensler.

  • Samfunnsvitskap handlar om korleis samfunnet fungerer, og om mennesket som aktør i samfunnet

Medievitskap er ei nemning på fagområde som har utvikla teoriar om samanhengar mellom medium, individ og samfunn. Det er vanleg å omtale medievitskap som ein del av humaniora, men delar av medievitskapen har òg mykje til felles med samfunnsvitskapen.

Kjelde

Store norske leksikon (2021, 9. juli). Vitenskap. https://snl.no/vitenskap

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal og Leonhard Vårdal.
Sist fagleg oppdatert 21.04.2022

Læringsressursar

Forsking på media