Munnleg-praktisk oppgåve: Utforsk nyheitsrammer
For å løyse dette arbeidsoppdraget bør de jobbe saman i grupper.
Førebuingar
Linda Marie Dyrlid gjennomførte i 2018 ein analyse av medieforteljingar i norske aviser om polakkar i Noreg i perioden 2008–2011, basert på systematiske søk i Atekst.
Sett dykk godt inn i korleis ho har brukt teori og metode, og kva funn ho har gjort, i forskingsrapporten "'Polakken kan': Narrativer om polske migranters arbeid og tilhørighet i Norge".
I nyheitsanalysen sin deler Dyrlid medieforteljingane om polakkar inn i ulike nyheitsrammer. Ei nyheitsramme er den røyndomsforståinga journalisten etablerer når hen omtaler personar og hendingar.
Nyheitsforteljingar speglar nemleg ikkje berre røyndommen, dei er også med på å konstruere eit meiningsunivers som hjelper oss å forstå det som skjer. Dei nyheitsrammene journalistane etablerer, er døme på diskursar om minoritetar i norske medieforteljingar. Diskursar er mønster i måten vi snakkar og skriv om verda på.
Gjennomføring
No skal de følgje i Dyrlids fotspor og utforske nyheitsforteljingar om ein bestemd minoritet i norske nettaviser, til dømes norsk-somaliarar, norsk-afghanarar, litauarar, romar eller kvener. Det er fint om gruppene vel å undersøkje kvar sin minoritet.
Atekst er Noregs største digitale nyheitsarkiv, og her er det enkelt å søkje opp nyheitsforteljingar frå alle avisene i landet. Mange skular abonnerer på Atekst, men dersom skulen dykkar ikkje gjer det, kan de bruke Google som søkjeverktøy og rette søket inn mot nettaviser og sider som er publiserte på norsk.
Skaff dykk først ei oversikt over nyheitsforteljingar om den minoritetsgruppa de har valt, som er publiserte dei siste tre åra.
Deretter skal de prøve å identifisere dei ulike nyheitsrammene forteljingane inngår i, og sortere forteljingane i samsvar med desse.
Tolking og presentasjon
Presenter funna de gjer, i ein podkast. I podkasten skal de også reflektere over kva for bilete nyheitsforteljingane gir av minoritetsgruppa de har valt, og kvifor det er slik. I kva grad er dette biletet med på å skape respekt og forståing for minoritetsgruppa, og i kva grad bidreg forteljingane til å halde ved like stereotype førestillingar og fordommar?
Dersom de kjenner nokon som tilhøyrer minoritetsgruppa de har undersøkt, kan de også invitere vedkommande til å vere med i podkastsamtalen.
Spel av podkasten for resten av klassen, og be om respons på form og innhald.
Lag ei individuell eigenvurdering av forskingsprosessen og podkasten som produkt. Hugs å ta med refleksjonar rundt teoriar og metodar. Del vurderinga di med læraren og eventuelt resten av klassen.
Relatert innhald
Kva betyr omgrepet diskurs, og korleis bruker vi det i møtet med ulike tekstar?
Få gode tips til arbeidet med podkast-oppgåva i desse videoane om podkastar og om lydredigering i gratis-programmet Audacity.