Skriftleg oppgåve: mediebruk og statistikk
Måla med oppgåvene er at du skal kunne
forstå forskjellen på empiri og teori
finne, vurdere og bruke statistiske kjelder
vurdere styrkar og svakheiter ved ulike forskingsmetodar
bruke faglege teoriar til å drøfte betydninga av statistiske data
Forklar og gi døme på desse omgrepa:
teori
empiri
forsking
kvantitativ undersøking
kvalitativ undersøking
Forklar korleis du vil gå fram i ei kvantitativ undersøking om mediebruk.
Vurder kva styrkar og svakheiter forskingsmetoden du har valt, har.
Statistisk sentralbyrå oppdaterer årleg statistikken Norsk mediebarometer.
Statistisk sentralbyrå: Norsk mediebarometer
Ta utgangspunkt i denne analysen av statistiske data frå 2022:
Statistisk sentralbyrå: 1 av 3 unge voksne følger ikke med på nyheter i tradisjonelle medier
Kva fortel analysen om mediebruk og val av nyheitskjelder i ulike aldersgrupper og grupper med ulikt utdanningsnivå?
Drøft desse funna i lys av teoriar om medieutvikling, mediebruk og informasjonskløfter.