Hopp til innhald

Fagstoff

Elevforsking gir ny kunnskap

Som skuleelev kan du tileigne deg kunnskap gjennom å lese bøker, delta i undervisning og bruke ulike læremiddel. Men du kan òg skaffe deg kunnskap om eit fagområde gjennom eige prosjektarbeid og elevforsking.

Læring gjennom utforsking

Har du nokon gong tenkt på alt det spennande vi ikkje veit om verda vi lever i? Eller har du tenkt på alt du har kunnskap om, men som vaksne forskarar ikkje veit? Tenk berre på alt du veit om språkbruk blant unge, ut frå di eiga erfaring som språkbrukar, eller kor mykje du veit om sjølvframstilling i sjekkeappar ut frå profilen vennene dine har valt.

Gjennom elevforsking lærer du korleis du går fram når du forskar. Samtidig får du ei djupare forståing av korleis profesjonelle forskarar tenker, og kva som ligg til grunn for teoriane du lærer om på skulen.

Empiri

Alle forskarar prøver å skaffe ny kunnskap om eit fenomen. Ein vanleg måte å gjere dette på, er innsamling og omarbeiding av empiriske data. Slike data kan vi tileigne oss ved hjelp av ulike forskingsmetodar, til dømes

  • spørjeundersøkingar
  • bruk av eksisterande statistikk

  • kvalitative intervju (djupneintervju av enkeltpersonar)

  • observasjon

  • dokumentanalyse (analyse av alle slags tekstar)

Resultata skal kunne etterprøvast av andre. Derfor må du alltid gjere greie for metodane du bruker. Det må òg gå klart fram korleis du har omarbeidd, analysert og tolka dataa du har samla inn.

Andre kjelder

Alle forskarar bygger på arbeidet andre har gjort før dei. Ved å ta utgangspunkt i kunnskap som allereie finst, viser du at du er oppdatert i faget. Både eigne undersøkingar og bruk av faglitteratur høyrer derfor med i eit godt forskingsarbeid.

Når du bruker kjelder, må du føre referansar til desse på korrekt måte. Det kan du lære meir om i emnet "Referansar og lisensar".

Relatert innhald

Sitatretten i åndsverklova §22 gir deg rett til å sitere frå kjelder i eige arbeid og plikt til å føre opp referansar til kjeldene.

Holbergprisen i skolen inviterer kvart år vidaregåande skular over heile landet til å bli med og forske. Faglæraren må vere involvert i prosjektet og fungere som kontaktperson. Klassen får ein eigen forskarkontakt frå ein høgskule eller eit universitet, som kjem på besøk for å snakke om forsking og som rettleier elevane gjennom prosjektarbeidet.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 20.04.2022

Læringsressursar

Forsking på media