Vel teori og analysemetode
I denne oppgåva skal du analysere éin av desse tre medietekstane. Du vel sjølv kva for ein.
Medietekst 1: stillbilete
Medietekst 2: debattinnlegg
Norsk debatt (2022) i Nettavisen: Dette er mine ønsker for et trygt og inkluderende Norge om 50 år
Medietekst 3: kortfilmen The Present (Gåva)
Start med å gjere deg kjend med teksten du har valt. Noter viktige stikkord for det som fangar interessa di undervegs. Reflekter over desse to spørsmåla:
Kva synest du ved første blikk er dei mest interessante trekka ved form og innhald?
Kva slags tematikk tek teksten opp?
Dei tankane du gjer deg i det første møtet med teksten, hjelper deg med å avgjere kva for ein teoretisk innfallsvinkel og analysemetode som eignar seg best når du no skal utforske teksten grundigare.
I fagartikkelen "Metode og teori i analyse av medietekstar" blir du kjend med ulike teoriar og metodar.
Kva for nokre av desse teoretiske perspektiva på medietekstar kan du tenkje deg å bruke i arbeidet med den teksten du har valt?
Kva analysemetodar passar det å bruke på denne teksten?
Dersom du ønskjer det, kan du velje to ulike innfallsvinklar. Grunngi valet ditt.
Analyser medieteksten med utgangspunkt i det teoretiske perspektivet og den analysemetoden du har valt.
Ta med det innhaldet du meiner er relevant for å forstå medieteksten ut frå denne innfallsvinkelen.
I analysen må du òg grunngi val av teoretisk perspektiv og analysemetode.
Presenter analysen i form av ei skriftleg framstilling eller ein digital presentasjon.
Relatert innhald
Her får du ei innføring i metode og teoriar som blir brukte i analyse av medietekstar, og eit døme på korleis teori blir brukt som verktøy i ein analyse.