Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Norsk og dansk uttale for dummies

I denne oppgåva skal du først sjå ein undervisningsvideo om kva som er typisk for dansk. Så skal de sjølv lage ein video om kva som er spesielt for norsk uttale. Målgruppa for videoen er danskar som ønskjer å lære norsk uttale.

Oppgåve

Del 1: Dansk uttale for dummies

  1. Videoen over er ei innføring i særtrekk i dansk uttale. Sjå videoen i par eller grupper. Undervegs dukkar det opp oppgåver der du skal samanlikne norsk og dansk. Diskuter spørsmåla og svar på oppgåvene.
  2. Skriv ein tekst på 200–500 ord der du samanliknar norsk og dansk uttale. Desse orda skal med: Vokalar, a-lyd, ø-lyd, stød, blaute konsonantar, ortofoni.

Del 2: Andre forskjellar mellom norsk og dansk

Les den relaterte artikkelen "Norsk møter svensk og dansk" under. Er det andre viktige forskjellar mellom norsk og dansk som ikkje er nemnt i videoen? Skriv dei ned i stikkordform under teksten du skreiv i oppgåve 1b.

Relatert innhald

Del 3: Lag "Norsk for dummies"

Gå saman i par eller grupper og lag ein instruksjonsvideo med danskar som målgruppe. Målet er at de skal forklare naboane våre i sør kva som skil norsk og dansk uttale. Lag videoen etter mønster av videoen over, eller finn på ein heilt eigen idé.

De må gjerne ta utgangspunkt i eigen dialekt når de forklarer danskane kva som kjenneteiknar norsk, men det er òg fint å få fram dialektmangfaldet.

Eit døme: Ønskjer de å fortelje danskane at de rullar på r-en, i motsetning til danskane, så er det fint om de fortel at vi faktisk har skarre -r i Noreg òg.

Tips til fagomgrep som kan vere med:

Legg merke til at alle omgrepa under ikkje gjeld for alle norske dialektar. Finn dei som er relevante for dialekten dykkar før de lagar filmen.

  • vokalar
  • a- og ø-lyd
  • u-lyd
  • rulle -r
  • tjukk l
  • retrofleks
  • konsonantsvekking
  • sk-, skj- och stj- uttale
CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 12.02.2021

Læringsressursar

Norrønt, svensk, dansk og norsk