Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Frå urnordisk til moderne norsk – lytt og illustrer

Sjekk forkunnskapane dine om språk, lytt til ein podkast og lag ei tidslinje.
Jonis Josef i podkaststudio. Foto.
Kva veit eg?

Frå urnordisk til moderne norsk

Korleis har det norske språket utvikla seg frå urnordisk og fram til i dag? Høyr førsteamanuensis Alexander Lykke ved Institutt for språk, litteratur og kultur ved Høgskulen i Østfold beskrive språket...

0:00
-0:00

Del 1. Sjekk forkunnskapane dine

Diskuter desse spørsmåla i grupper:

  1. Kva er urnordisk?

  2. Kva slags språk snakka vikingane?

  3. Kor langt tilbake i tid må du reise for å kunne forstå nordmannen?

  4. Vi kan vite korleis eit språk blei skrive ved å lese skriftlege kjelder. Men korleis veit språkforskarar korleis eit utdøydd språk høyrdest ut?

  5. Snakka vikingane i Noreg, Sverige og Danmark likt?

  6. Er islandsk og norrønt heilt likt?

  7. Kvifor endra norrønt seg til moderne norsk?

  8. Det norrøne språket hadde kasus. Kva betyr det?

  9. Både norrønt, tysk, fransk og spansk har personbøying av verb, mens norsk ikkje har det. Kva betyr det?

  10. Kva betyr det at eit språk er eit SVO-språk?

  11. Kvifor er handel med tyskarar på 1400-talet viktig for norsk språkutvikling?

Del 2. Lytt til podkasten

Lytt til podkasten "Frå urnordisk til moderne norsk" (øvst). Ha spørsmåla frå del 1 framfor deg, og sjekk kva de fekk til, og kva de ikkje visste noko om.

Del 3. Lag ei tidslinje

Lag ei tidslinje som viser utviklinga frå urnordisk til moderne norsk. Bruk podkasten og artikkelen under til hjelp. Tidslinja skal vise dette:

  1. Når snakka vi høvesvis urnordisk, norrønt og moderne norsk i Noreg?

  2. Kva kjenneteikna det urnordiske språket?

  3. Når snakka nordmenn, svenskar og danskar likt, og når utvikla det seg ulike språk i dei tre landa?

Relatert innhald

Ein av dei viktigaste forskjellane på norsk og norrønt er at norrønt var eit kasusspråk. Kva betyr eigentleg det?

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 11.05.2022

Læringsressursar

Norrønt, svensk, dansk og norsk