Ein viktig forskjell mellom norrønt og moderne norsk er at norrønt var eit kasusspråk, medan norsk ikkje er det. Men kva betyr eigentleg dette? Og kva er kasus? Her skal de både diskutere, lese og gå i djupna på grammatikken.
Diskuter i plenum, strengt forbode med hjelpemiddel:
Kvifor i all verda seier vi "til lands" og "til fjells"? Kvifor er den s-en med på slutten av ordet? Og kvifor seier vi ikkje "til bys" og "til kjøpesenters"?
Fekk nokon det til? Det er i så fall imponerande! Fekk de det ikkje til? Hald tanken, for om de går gjennom denne ressursen her, skal de kunne finne ut av svaret til slutt. Svaret finn vi nemleg i fortida.
For å forstå kva kasus er, må de ha litt forkunnskapar om grammatikk. Diskuter alle fagtermane under. Veit de kva dei betyr? Prøv å forklare orda for kvarandre og kom med døme.
Skriv ned dei orda de er uvisse på og treng å få forklart:
Kvart språk har sine reglar for korleis ord og setningsledd kan setjast saman og kva rekkefølge dei må ha i setningar. Eit anna ord for setningslære er syntaks.
Døme
I norsk syntaks er det vanleg at verbet i forteljande heilsetningar står på andreplass. Norsk er nemleg eit V2-språk. I andre språk kan ordstillinga vere annleis.
Norsk
Guten et.
Guten et ikke.
Engelsk
The boy eats.
The boy doesn't eat.
Ordklasse
Alle ord høyrer til ein ordklasse. Ordklassen seier noko om kva slags betyding ordet har. I norsk har vi ti ordklassar. Dei største ordklassane er verb, substantiv og adjektiv.
Døme
Verb er ord som fortel kva vi gjer eller kva som skjer. Til dømes høyrer ordet "hoppe" til ordklassen verb.
Funksjonen til setningsleddet
Ordklassen seier altså noko om ordet når vi ser på det for seg sjølv. Vi grupperer til dømes "katt", "gut" og "gras" i ordklassen substantiv.
Når vi snakkar om setningsledd, ser vi ikkje på ordet/frasen for seg sjølv, men den funksjonen det har saman med andre ord i ei setning. "Banan" høyrer til ordklassen substantiv, men kva funksjon har ordet i setninga "Bananen er gul?" Det er dette vi prøver å finne svaret på når vi analyserer setningar og identifiserer setningsledd.
Døme
I setninga "Bananen er gul" er ordet "banan" subjekt. Men i setninga "Guten et bananar" er "guten" subjekt og "banan" direkte objekt.
Same ord kan altså ha ulik funksjon.
Subjekt og verbal
Nesten alle norske setningar inneheld subjekt og verbal. Subjektet i ei setning er som regel den som gjer noko. Ganske ofte er subjektet eit substantiv: "Barna smiler." Men det kan òg vere eit pronomen: "Dei smiler."
Verbalet er setningsleddet som uttrykker kva som skjer. I setninga "Barna smiler" er det "smiler" som er verbalet. Verbalet er alltid eit verb.
Barna (S) smiler (V).
Direkte og indirekte objekt
Eit direkte objekt er den, det eller dei handlinga rettar seg mot: "Ho tek bilen."
Det indirekte objektet er den, det eller dei handlinga skjer for: "Ho gir barna ei leike."
Diskuter i par: Kva trur de denne norrøne setninga betyr?
Óláf drap Haraldr
Løysing
Svarte de "Olav drap Harald"?
Viss de gjorde det, er det forståeleg. Norsk er nemleg eit SVO-språk. Det vil seie at vi i hovudsetningar har denne rekkefølga på orda i ei forteljande setning: subjekt – verbal – objekt:
Olav (S) drap (V) Harald (O).
Men, dette er feil! Setninga "Óláf drap Haraldr" betyr Harald drepte Olav.
Kvifor det?
Norrønt er eit kasusspråk
Norrønt er eit kasusspråk. Det vil seie at setningsledd får kasus og bøyingsform alt etter kva funksjon dei har i setninga. På den måten kan ordstillinga vere friare enn i moderne norsk.
Døme
Óláf_ (O) drap (V) Haraldr (S) = Harald drap Olav Óláf_ (Inga ending betyr at dette er direkte objekt i setninga.)
Óláfr (S)drap (V) Harald_ (O) = Olav drap Harald Óláfr (Ein r til slutt betyr at dette er subjekt i setninga.)
Nominativ og akkusativ – to kasus
Når det er endinga som markerer funksjonen eit ord har i ei setning, seier vi at orda står i ulike kasus. Det er derfor det heiter kasusspråk.
Kasusen nominativ blir brukt når ordet er subjekt i setninga.
Kasusen akkusativ blir brukt når ordet er direkte objekt i setninga.
Óláf_ drap Haraldr = Harald er subjekt og står i kasusen nominativ. Dette ser vi fordi eigennamnet har r-ending.
Óláfr drap Harald_ = Harald er direkte objekt og står i kasusen akkusativ. Dette ser vi fordi eigennamnet ikkje har noka ending.
Genitiv og dativ – kva funksjon?
Norrønt hadde fire kasus: nominativ, akkusativ, genitiv og dativ.
Sjå på setningane under. Forstår du kva funksjon ordet har når det står i genitiv (s-ending) og dativ (i-ending)?
Óláfr tók hest Haralds
Óláfr gaf Haraldi hest
Genitiv og dativ
Genitiv blir brukt om eigedomsforhold. I setninga "Óláfr tók hest Haralds" viser s-en at hesten er Harald sin.
Dativ blir brukt når ordet er indirekte objekt. I setninga "Óláfr gaf Haraldi hest" viser i-en at det er Harald som får hesten frå Olaf.
Óláfr tók hest Haralds
Óláfr gaf Haraldi hest
Norsk og norrønt – ikkje så ulike likevel
Sjølv om kasusspråk i prinsippet kan plassere setningsledd i vilt kaos, var det nok ikkje slik i praksis.
Også norrønt var eit SVO-språk, på den måten at i forteljande heilsetningar var nordmalordstillinga subjekt - verbal - objekt.
Ein viking ville nok altså heller ha sagt "Óláfr drap Harald", enn "Harald drap Óláfr"
Sjølv om moderne norsk har mista kasusbøyinga på substantiv, har vi framleis kasus på dei personlege pronomena (som eg/meg og du/deg). Det er difor vi framleis kan variere ordstillinga og seie både "eg slår deg" og "deg slår eg".
Oppsummering
Norsk er eit ordstillingsspråk: Rekkefølga på orda i setninga bestemmer kva funksjon orda har.
Norrønt er eit kasusspråk: Endinga på ordet markerer funksjonen.
Norrønt har fire kasus: nominativ, akkusativ, genitiv og dativ.
Nominativ: Subjektet står i nominativ (Óláfr).
Akkusativ: Det direkte objektet står vanlegvis i akkusativ (Óláf_).
Dativ: Det indirekte objektet står i dativ (Óláfi).
Genitiv: Dette uttrykkjer eigedomsforhold (Óláfs).
Kasus "light"
Det du har fått no, er den enkle versjonen av kasussystemet til vikingane. Det var nemleg ikkje så enkelt som at om du berre ser etter ...
nominativ: r-ending (Óláfr)
akkusativ: inga ending (Óláf)
genitiv: s-ending (Óláfs)
dativ: i-ending (Óláfi)
..., så har du full kontroll på det norrøne kasussystemet. Dette er berre endingane på substantiv i ei gruppe, nemleg den gruppa som blir kalla substantiv med a-stamme.
I andre substantivgrupper, og det finst svært mange, kunne endingane i dei ulike kasusa vore heilt annleis.
Men – alt dette treng du ikkje kunne. Det viktigaste er at du kan svare på desse spørsmåla:
Kva er forskjellen på kasusspråk og ordstillingsspråk?
Sit saman i par eller grupper. Oppgåva under skal gi dykk ein peikepinn på om de har forstått kva eit kasusspråk er. Gjer ho saman. Gå tilbake til forklaringa i del 2 om de er uvisse på noko.
Om de framleis heng med i svingane, skal de prøve å forklare kasusbruken i eit utdrag frå Soga om Gunnlaug Ormstunge:
Sit aleine og studer kasusbruken i utdraget under. Skriv ned både kva for ein kasus som er brukt i orda med tjukk skrift, og forklar kvifor denne kasusen er brukt.
Gå saman i grupper og samanlikn svara dykkar.
Utdrag på norrønt og på norsk
Norrønt
Norsk
Maðr hét Þorkell svarti. Honum tæmðist arfr norðr í Vatnsdal í Ási, ok beiddi hann Gunnlaug fara með sér, ok hann gerði svá,(...)
Ok er þeir riðu norðan, gistu þeir í Grímstungum at auðigs bónda, er þar bjó. Ok um morgininn tók smalamaðr hest Gunnlaugs, ok var þá sveittr mjök, er þeir fengu. Gunnlaugr laust smalamanninn í óvit. Bóndi vildi eigi svá búit hafa ok beiddi bóta fyrir. Gunnlaugr bauð at gjalda bónda mörk. Bónda þótti þat of lítit. Gunnlaugr kvað vísu.
.....
Hermundr heilt skildi fyrir Gunnlaug, bróður sinn, ein Svertingr Hafr-Bjarnarson fyrir Hrafn. Þrem mörkum silfrs skyldi sá leysa sik af hólminum, er sárr yrði. Hrafn átti fyrr at höggva, er á hann var skorat, ok hjó hann í skjöld Gunnlaugs ofanverðan, ok brast sverðit þegar sundr undir hjöltunum, er til var höggvit af miklu afli. Blóðrefillinn hraut upp af skildinum ok kom í kinn Gunnlaugi ok skeindist hann heldr ein eigi. Þá hljópu feðr þeira þegar í millim ok margir aðrir menn.
Þá mælti Gunnlaugr: "Nú kalla ek, at Hrafn sé sigraðr, er hann er slyppr."
Det var ein mann som heitte Torkell svarte; Så fall det ein arv til han på Ås nord i Vatsdal, og han bad Gunnlaug ri med seg for å hente han, og det gjorde han.
Då dei rei sørover igjen, gjesta dei ein rik bonde som budde på Grimstunge. Om morgonen tok sauegjetaren hesten til Gunnlaug og rei han, så han var skumsveitt, då dei fekk han igjen. Då slo Gunnlaug til gjetaren så han svima av. Dette likte bonden ille, og kravde bot for slaget. Gunnlaug baud han ei mark sølv. Det syntest bonden var altfor lite, men då kvad Gunnlaug ei vise.
.....
Hermund heldt skjoldet for Gunnlaug, og Sverting Havr-Bjørnssønn for Ravn. Den som blei såra, skulle løyse seg av holmen med to merke sølv. Ravn skulle hugge først, sidan han var stemna til holmen, og han hugga og trefte øvst i skjoldet til Gunnlaug, og sverdet brast i to ved hjaltet, så hårdt var hogget. Sverdodden spratt opp frå skjoldet og trefte Gunnlaug i kinnet, så det blei ein ørliten rift. Då sprang Anund og Illuge imellom og mange andre òg.
Gunnlaug sa: "No meiner eg, at Ravn har tapt, sidan han er våpenlaus".
Fasit
"Honum tæmðist arfr norðr í Vatnsdal íÁsi." (Så fall det ein arv til han påÅs).
Her står stadnamnet Ås i dativ fordi preposisjonen "i" i dette tilfellet styrer dativ.
"Ok beiddi hann Gunnlaug fara með." (Og han bad Gunnlaug ri med seg.)
Her er namnet Gunnlaug utan ending, fordi det står i akkusativ. Årsaka til at det står i kasusen akkusativ, er at det er direkte objekt i setninga.
"Ok um morgininn tók smalamaðr hest Gunnlaugs." (Om morgonen tok sauegjetaren hesten til Gunnlaug.)
Gunnlaug står i genitiv fordi det uttrykker eigedom: Det er Gunnlaugs hest.
"Gunnlaugr laust smalamanninn í óvit." (Då slo Gunnlaug til gjetaren så han svima av.)
Namnet Gunnlaug står i nominativ fordi det er subjekt i setninga.
"Gunnlaugr bauð at gjalda bónda mǫrk." (Gunnlaug baud han ei mark sølv.)
Som over er Gunnlaug subjekt i setninga og skal derfor stå i nominativ.
"Hermundr heilt skildi fyrir Gunnlaug." (Hermund heldt skjoldet for Gunnlaug).
"Hermundr" er subjekt i setninga og står derfor i nominativ. "Gunnlaug står i akkusativ fordi preposisjonen "fyrir" her styrer akkusativ.
"Hrafn átti fyrr at höggva, er á hann var skorat, ok hjó hann í skjǫld Gunnlaugs ofanverðan." (Ravn skulle hugge først, sidan han var stemna til holmen, og han hugga og trefte øvst i skjoldet til Gunnlaug).
Her er det brukt genitiv fordi det er snakk om eigedomsforhold: Gunnlaugs skjold.
"Blóðrefillinn hraut upp af skildinum ok kom í kinn Gunnlaugi." (Sverdodden spratt opp frå skjoldet og trefte Gunnlaug i kinnet).
Preposisjonen "i" styrer her dativ, derfor endar namnet Gunnlaug på -i.
"Þá mælti Gunnlaugr" (Då sa Gunnlaug).
Gunnlaug er subjekt i setninga og står derfor i nominativ.
Klarer de no å forklare kvifor vi seier "til lands" og "til fjells" og ikkje "til bys" og "til kjøpesenters"?
Fasit
I det norrøne språket styrte preposisjonen "til" genitiv. Genitivsendinga på norrønt var -s. "Til lands" og "til fjells" er gamle, stivna genitivsformer som har overlevd og blitt bevart i moderne norsk.
Men verken byar eller kjøpesenter fanst i vikingtida. Derfor eksisterer ikkje desse uttrykka om moderne omgrep.