Oppgave
Kva kan du om svensk og dansk?
Test og auk kunnskapen din om skandinaviske språk. I kvar oppgåve skal du først sjekke forkunnskapane dine, deretter søkje nye kunnskapar – for så å teste på nytt. Målet er å kunne bruke fagomgrep om viktige likskapar og forskjellar mellom norsk, svensk og dansk.
Lytt til podkasten Norsken, svensken og dansken frå NRK.
- Forstår de alt som blir sagt?
- Kven forstår de best? Dansken eller svensken?
- Klarer de å forklare kvifor de eventuelt forstår det eine språket betre enn det andre?
Kor mykje kan du eigentleg om historia til dei skandinaviske språka? Test deg sjølv:
- Sjå filmen om nordiske språk under. Her får du informasjon som kan hjelpe deg med å gjere den førre oppgåva riktig.
- Gjer oppgåve 1 ein gong til.
- Kor mykje kan du eigentleg om svensk? Test deg sjølv ved å gjere fyll inn orda-oppgåva under. Du får ikkje sjå løysinga. Årsaka er målet om å berre prøve éin gong for å sjekke forkunnskapane dine.
- Les det som står om svensk i artikkelen "Norsk møter svensk og dansk." Du finn lenkje til artikkelen under testen.
- Ta testen om igjen heilt til du får alle svar riktige.
Relatert innhald
- Kor mykje kan du eigentleg om dansk? Test deg sjølv ved å gjere fyll inn orda-oppgåva under. Du får ikkje sjå løysinga. Målet er det same no som då du sjekka svensk-kunnskapane dine: Du skal berre prøve ein gong for å sjekke forkunnskapane dine.
- Les det som står om dansk i artikkelen "Norsk møter svensk og dansk."
- Ta testen om igjen heilt til du får alle svar riktige.
No har du testa deg sjølv og lese deg opp. Men det kan vere fint å snakke om det i tillegg, for då hugsar du det du har lært endå betre.
Gå saman i par og hjelp kvarandre med å kome på likskapar og forskjellar mellom norsk, svensk og dansk. De skal bruke fagomgrep og fullføre setningane under munnleg:
- Når det gjeld svensk, synest vi nordmenn det er enklare å ...
- Årsaka er at ...
- Svenskane har eit par vokalar ...
- Dessutan har svenskane lånord frå ...
- Vi har meir problem med å forstå dansk ...
- Den viktigaste årsaka er nok at ...
- Til dømes vil ein danske seie ...
- Eit anna fenomen som er heilt spesielt for dansk er ...
- Det betyr at ...
- Dei blaute vokalane kan ...