Hopp til innhald

Fagstoff

Talemål i Norden

Det området vi kallar Norden, består av Finland, Sverige, Danmark, Færøyane, Grønland, Island og Noreg, men berre norsk, svensk, dansk, islandsk og færøysk er nordiske språk.

Talespråket er forskjellig frå skriftspråket

Noreg og Sverige grensar mot kvarandre. Folk har reist mellom dei to landa til alle tider. Norsk og svensk liknar derfor ganske mykje på kvarandre i uttale, sjølv om svenskane manglar dei norske diftongane. For oss nordmenn er svensk talemål lettare å forstå enn dansk talemål.

Men å lese dansk er lett. Det kjem av at norsk og dansk har felles ordforråd. Det svenske språket har mange ord som er framande for oss fordi dei stammar frå tysk og fransk. Nokre ord tyder til og med noko heilt anna. Mellom anna ber svenskane om glass når dei har lyst på ein iskrem. Ordet glass kjem frå fransk: glace.

Ikkje-nordiske språk i Norden

Det finske språket er svært ulikt språka i dei andre nordiske landa, fordi finsk høyrer til den finsk-ugriske språkfamilien. Minoritetsspråka samisk og kvensk, som vert snakka både i Noreg og Sverige, tilhøyrer same språkfamilie som finsk.

Kvifor forstår vi kvarandre?

Ei internordisk språkundersøking viser at vi nordmenn forstår nabospråka betre enn svenskar og danskar gjer. Kvifor er det slik? Sjå Aftenposten Nordiske ungdommer forstår hverandre ikke

Ei forklaring er at vi har større språkkompetanse enn naboane våre fordi vi er vande med variasjon både i tale og skrift. Vi har to norske skriftspråk, og det er vanleg å bruke dialekt i norsk radio og fjernsyn.

Ei anna forklaring er at Noreg har vore i union både med Danmark og Sverige, og at vi derfor har måtta lære oss å forstå makthavarane i nabolanda. Heilt fram til 1950-åra hadde jo Noreg ein konge som snakka dansk!

Maktbalansen i Norden påverkar språklege haldningar. På 70-talet var svenskane "storebror" i Norden og sleit med å forstå dansk og norsk. I åra etter tusenårskiftet jobba mange svenske ungdommar på restaurantar og hotell i Noreg. Kanskje er det slik at norsk oljeøkonomi har endra noko på maktbalansen, og dermed gjort svenskane meir i stand til å forstå norsk?

Relatert innhald

Kvifor står det så dårleg til med dansk språk og språkforståing? Professor Kjell Lars Berge meiner danskane kan takke seg sjølve. Dei har nemleg tillate at det har vorte stor avstand mellom tale og skrift.

CC BY-NC-SASkrive av Oddvar Engan og Ragna Marie Tørdal. Rettshavar: Dialektxperten
Sist fagleg oppdatert 18.12.2018

Læringsressursar

Norrønt, svensk, dansk og norsk