Sjå humorvideo på NRK om danskar med språkproblem.
Det danske språkproblemet
I tv-serien Ut i vår hage harselerer komikarane Harald Eia, Bård Tufte Johansen og Atle Antonsen over det danske språket. Dei meiner at danskane har så store problem med å forstå kvarandre at den daglege kommunikasjonen heilt har brote saman. I sketsjen bønnfell dei det internasjonale samfunnet om å hjelpe det danske folket før det er for seint!
Sketsjen overdriv sjølvsagt i måten han skildrar den danske språksituasjonen på, men har også eit snev av sanning i seg. Forsking viser at danske barn lærer å snakke seinare enn barn i Sverige og Noreg, og at danskane har fleire rettskrivingsfeil no enn for 30 år sidan. Når det gjeld skandinavisk språkforståing, kjem òg danskane dårlegast ut: Dansk er det språket svenskane og nordmennene har mest problem med å forstå, og danskane skårar lågast på nabospråkforståing.
Oppgåve 1
Les artikkelen Sosiale medium øydelegg språket og svar på spørsmåla under:
- Kva meiner leiaren for det danske språkrådet er hovudårsaka til alle rettskrivingsfeila mellom dei som skriv dansk ?
- Kva for argument brukar ho for å underbyggje denne påstanden?
- Kva meiner Kjell Lars Berge er årsaka til at danskane skriv meir feil enn før?
Oppgåve 2
Tenk deg at du er leiar for det norske språkrådet. Korleis ville du syta for at det til kvar tid er samsvar mellom det norske talemålet og det norske skriftspråket?