Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Snakk som ein viking

I denne ressursen skal du utforske korleis dei kvinnene og mennene som gjekk rundt i Noreg for 1000 år sidan, uttrykte seg. Men veit vi eigentleg korleis vikingane snakka?

Del 1: Trace – ein film med norrøn tale

Markus Dahlslett ønskte å attskape det norrøne språket då han skulle lage kortfilmen Trace. Men han visste eigentleg ikkje korleis vikingane snakka. Les om filmen på nettsida Gemini.no under og svar på spørsmåla:

  1. Kvifor syntest Dahlslett det var så viktig at personane i filmen snakka norrønt?
  2. Korleis gjekk han fram for å attskape norrønt?
  3. Kva utfordringar møtte han på i arbeidet?

Relatert innhald

Del 2: Sjå filmen

Sjå filmen og diskuter:

  1. Synest de regissøren lykkast med å skape autentisitet, slik han seier han ønskjer i intervjuet?
  2. Hadde filmen gjort eit annleis inntrykk med norsk eller engelsk tale? Korleis då, i så fall?

Del 3: Lydar i norrønt

I videoen over har dei prøvd å rekonstruere det norrøne språket. Lytt til videoen og gjer oppgåvene under:

  1. Noter ned lydar du høyrer som du ikkje kjenner igjen frå moderne norsk.
  2. Sjå videoen ein gong til og prøv å skrive ned kva bokstavar som representerer lydar du ikkje kjenner igjen frå norsk.
  3. Diskuter med sidemannen: Kva forskjellar la de merke til?

Del 4: Snakk som ein viking

No skal de prøve å snakke som vikingane. Under finn du eit utdrag frå Sagaen om Gunnlaug Ormstunge. Det er ein scene der hovudpersonen Gunnlaug er i kamp mot fienden sin, Ravn.

  1. Gå saman to og to og les teksten høgt for kvarandre. Gjenta heilt til de synest de får ein god flyt i språket.
  2. Torer nokon å lese høgt for klassen? Les gjerne med innleving.

Norrønt

Norsk

Hermundr heilt skildi fyrir Gunnlaug, bróður sinn, ein Svertingr Hafr-Bjarnarson fyrir Hrafn. Þrem mörkum silfrs skyldi sá leysa sik af hólminum, er sárr yrði.
Hrafn átti fyrr at höggva, er á hann var skorat, ok hjó hann í skjöld Gunnlaugs ofanverðan, ok brast sverðit þegar sundr undir hjöltunum, er til var höggvit af miklu afli. Blóðrefillinn hraut upp af skildinum ok kom í kinn Gunnlaugi ok skeindist hann heldr ein eigi. Þá hljópu feðr þeira þegar í millim ok margir aðrir menn.

Þá mælti Gunnlaugr: "Nú kalla ek, at Hrafn sé sigraðr, er hann er slyppr."

Hermund heldt skjoldet for Gunnlaug, og Sverting Havr-Bjørnssønn for Ravn. Den som blei såra, skulle løyse seg av holmen med to marker sølv.
Ravn skulle hugge først, sidan han var stemna til holmen, og han hugga og trefte øvst i skjoldet til Gunnlaug, og sverdet brast i to ved hjaltet, så hårdt var hogget. Sverdodden spratt opp frå skjoldet og trefte Gunnlaug i kinnet, så det blei ein ørliten rift. Då sprang Anund og Illuge imellom og mange andre òg.

Gunnlaug sa: «No meiner eg, at Ravn har tapt, sidan han er våpenlaus».

Uttaletips
  • ð (blir kalla edd) blir uttalt som th i engelsk "the og then".
  • þ (blir kalla thorn) blir uttalt som "th" i det engelske ordet "thing".
  • v blir uttalt som engelsk W i wish framfor vokal.
  • g blir uttalt som norsk g om han står først i ordet eller etter n, elles som k.
  • K blir uttalt k – det fanst ikkje kj- eller skj-lyd på norrønt.
  • F blir uttalt som f i starten av ord, men som v i midten og slutten av ord.
  • R skal alltid vere rulle -r. Vikingane skarra ikkje.
  • Ö blir uttalt som den norske Ø-en i sør.
  • Ó blir uttalt som å i bål.
  • Ú blir uttalt som vokalen i ros.
  • Á blir uttalt Å.


Del 5: Islandsk og norrønt

Diskuter desse påstandane i klassen:

  • Norrønt og islandsk høyrest heilt likt ut. Språket på Island har ikkje forandra seg sidan vikingtida.
  • I tidleg vikingtid snakka alle menneske i Norden same språket (i tillegg til samisk, då).
  • Det var danske vikingar som tok med seg det norrøne språket til Færøyane og Island.

Var de ueinige om nokon av påstandane? Ler meir om forholdet mellom norrønt og islandsk i filmen under:

Kjelder:

Spurkland, T (1989). Innføring i norrønt språk. Oslo: Universitetsforlaget.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 05.02.2021

Læringsressursar

Norrønt, svensk, dansk og norsk