Hopp til innhald

Fagstoff

Den nordiske språkfamilien

Dei nordiske språka tilhøyrer ulike språkfamiliar. Opphavleg hadde norsk mykje felles med islandsk og færøysk. I dag er det norske språket meir likt dansk og svensk. For 1500 år sidan snakka vi likt i Skandinavia. Kva skjedde?

Kva veit de frå før? Diskuter:

  • Kva er forskjellen på "nordiske språk" og "språk i Norden"?
  • Snakka vikingane som budde i Noreg, Danmark og Sverige på 1000-talet, likt?
  • Brukte vikingane orda "språk", "snakke" og "prate"?

Svara finne de ved å sjå videoen med språkprofessor Arne Torp under.

Den nordiske språkfamilien

Dei opphavlege språka i Norden tilhøyrer tre svært ulike språkfamiliar. Språkhistorisk sett blir norsk, islandsk og færøysk rekna som vestnordiske språk, og svensk og dansk som austnordiske språk. Skiljet mellom vestnordisk og austnordisk oppstod i synkopetida på 800-talet.

Noko av det som skilde austnordisk frå vestnordisk, var uttalen av det personlege pronomenet ég/eg som på austnordisk blei til jeg/jag. Eit anna døme er diftongar i vestnordisk (bein, stein) som blei monoftongert i austnordisk (ben, sten).

I dag vil dei fleste likevel seie at norsk står nærare svensk og dansk enn færøysk og islandsk. Derfor er det no vanleg å dele dei nordiske språka inn i øynordisk og skandinavisk. Norsk, svensk og dansk har det til felles at verba ikkje har ulike personendingar, slik færøysk og islandsk har.

Språk i Norden

Finland og Grønland er òg nordiske land, men språka der tilhøyrer andre språkfamiliar. Finsk, samisk og kvensk høyrer til den finsk-ugriske språkfamilien. Grønlandsk tilhøyrer den eskimoisk-aleutiske språkfamilien.

Kvifor har dei nordiske språka blitt så ulike?

I filmen øvst seier Arne Torp at islendingar og nordmenn kunne snakke saman, utan tolk, på 1200-talet. Sånn er det ikkje i dag, så kva har skjedd? Forklaringa ligg i at islandsk språk har forandra seg relativt lite, medan dei skandinaviske språka har endra seg mykje. Men kvifor har dei nordiske språka forandra seg i så ulik grad?

Historiske hendingar og språkleg påverknad

Då Noreg blei ramma av pesten Svartedauden, døydde mange av dei som meistra det norrøne språket. Då vi like etter kom inn under dansk styre, overtok dansk som skriftspråk i Noreg. Dagens norsk ligg nærare dansk enn norrønt. At øyrika Island og Færøyane kom seg betre gjennom pesten, er éi mogleg forklaring på at språket der har endra seg mindre.

Ei anna forklaring på at språka har utvikla seg ulikt, ligg i språkleg påverknad. På 13- og 1400-talet blei dei skandinaviske språka påverka av hanseatane – tyskarar som dreiv handel i store delar av Europa. Dei slo seg ned i byar langs kysten og blei ein viktig del av bysamfunna. Språket dei brukte fekk stor innverknad på norsk, svensk og dansk, som i dag har mange ord med tysk opphav. Dei øynordiske språka blei ikkje like påverka, sjølv om hanseatane òg dreiv litt handel der.

I nyare tid er det spesielt engelsk som påverkar dei skandinaviske språka. Også no ser det ut som at islandsk og færøysk blir mindre påverka av språk utanfrå, i alle fall i skriftspråket. Men engelske ord lurer seg inn i talemålet i heile Norden. Forskjellane ligg først og framt i skriftspråket. Kvifor er det sånn?

Det enkle svaret er at det er lettare å styre skriftspråket enn å styre korleis folk snakkar.

Språkstyring i skriftspråket

Dei nordiske språka har stilt seg ulikt til språkleg påverknad utanfrå – og stiller seg òg ulikt til det i dag. Nokre av dei nordiske språksamfunna har ein puristisk språkpolitikk, andre har ein meir liberal språkpolitikk overfor slik språkpåverknad.

Puristisk språkpolitikk, også kalla , vil seie å reinse språket for utanlandsk påverknad. Det kan vere gjennom å endre frå engelsk til norsk skrivemåte: tough>tøff, eller erstatte det engelske ordet med eit norsk ord: brainstorming>idémyldring.

Liberal språkpolitikk vil i denne samanhengen seie å tillate påverknad frå andre språk i større grad. Ikkje overraskande har dei ein puristisk språkpolitikk på Island og Færøyane, medan Sverige og Danmark blir rekna som meir liberale enn Noreg.

Forskjell på munnleg og skriftleg språk

Språkstyring handlar først og fremst om å styre skriftspråket. Når du ser nærare på dei nordiske språka, vil du sjå at det er forskjell på kor nært skriftspråket ligg det munnlege språket. I Noreg og Sverige skriv vi ganske likt som vi snakkar, medan færøysk, islandsk og dansk er langt mindre . Dette er òg eit resultat av kva prinsipp som styrer språkpolitikken i nasjonen.

Vil du lære meir om korleis språkstyring har påverka dei nordiske språka? Fordjup deg i artikkelen "Hvorfor jobber ikke alle på en tölvu?" (nedst på sida).

Ei oppsummering

  • Alle i Norden snakka likt i urnordisk tid (ca. 200–700 e.Kr.).
  • Etter kvart utvikla språket på Island og Noreg seg i ei retning, medan det i Danmark og Sverige gjekk i ei anna.
  • Men på 1300- og 1400-talet fekk nedertysk sterk innverknad på norsk, svensk og dansk. Det er ei viktig årsak til at norsk i dag liknar meir på svensk og dansk enn islandsk.
  • Dei nordiske landa har hatt ulik tilnærming til engelsk, noko som er med på å forme språket. På Island og Færøyane har dei ført ein strengare puristisk språkpolitikk enn i dei skandinaviska landa.

Relatert innhald




CC BY-NC-SASkrive av Oddvar Engan, Ragna Marie Tørdal, Christian Lund og Åsa Abusland. Rettshavar: Dialektxperten
Sist fagleg oppdatert 08.02.2021

Læringsressursar

Norrønt, svensk, dansk og norsk