Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Norsk, svensk og dansk – ein podkast

Lytt til ein ekspert på skandinaviske språk og skriv ein samanhengande tekst om likskapar og forskjellar mellom norsk, svensk og dansk.
Mann med svart krøllete hår og skjegg poserer framfor eit mikrofonstativ. Foto.
Kva veit eg?

Kva er greia med norsk, svensk og dansk?

Kvifor har vi tre så like språk i Skandinavia? Og kor godt forstår vi eigentleg kvarandre? Jonis Josef spør Piotr Garbacz, førsteamanuensis ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium på UiO.

0:00
-0:00

Del 1. Lytt til ein podkast

Lytt til podkasten. Mens du lyttar, skal du fullføre setningane under:

  • I mellomalderen var det slik at forskjellane mellom norsk, svensk og dansk var …

  • I norrøn tid ("fornalderen") kunne ein nordmann og ein engelskmann …

  • Ein viktig forskjell i uttale mellom norsk og dansk er måten vi seier ordet "mat" på. I Danmark er det slik at …

  • Ein forskjell i substantivbøyinga på norsk og svensk er at …

  • Island skil seg ut i Norden når det gjeld lånord, fordi …

  • Årsaka til at nokon har problem med å forstå dansk, er at …

  • Årsaka til at bokmål liknar dansk skriftspråk, er at …

  • Norsk høyrest "morosamt" ut for svenskane fordi vi …

  • Det Finland og Noreg har felles, er at …

Del 2. Gå i djupna på kvart dykkar språk

Gå saman i par.

  1. Ein av dykk les meir om forskjellar mellom norsk og svensk ved å lese om svensk, mens den andre les om dansk. Bruk sida Norsk møter svensk og dansk.

  2. Etter de har lese: Fortel kvarandre om dei viktigaste forskjellane mellom høvesvis norsk og dansk og norsk og svensk.

Del 3. Skriv det du hugsar

Skriv ein tekst på 200–300 ord der du svarer på denne problemstillinga: "Kva er dei viktigaste forskjellane mellom norsk og svensk og mellom norsk og dansk?"

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 11.05.2022

Læringsressursar

Norrønt, svensk, dansk og norsk