Hopp til innhald

Fagstoff

Norsk møter islandsk og færøysk

Språkhistorisk sett blir norsk, islandsk og færøysk rekna som vestnordiske språk. Men i moderne tid har avstanden mellom det norske språket og språket på øyene vest i havet blitt så stor at vi ikkje utan vidare forstår kvarandre.

Islandsk

Islandsk er det nordiske språket som har endra seg minst frå norrønt. Islendingane har ein lang skrifttradisjon, og dei er stolte av språket sitt. Denne sterke identiteten til språket gir seg utslag i at islendingane er kritiske til importord. Det finst engelske ord i islandsk også, men i langt mindre omfang enn i norsk, svensk og dansk. Vi seier derfor at islendingane er puristar.

Nokre islandske ord

  • sykkel – hjól
  • teater – leikhús
  • bibliotek – bókasafn
  • fjernsyn – sjónvarp
  • radio – útvarp

Islandsk er eit kasusspråk. Det tyder at substantiv vert bøygde i fire kasus, akkurat som i norrønt. På same måte som norsk har islandsk tre kjønn i substantivbøyinga.

Avstanden mellom talespråket og skriftspråket er større enn i norsk. Forklaringa er at det islandske skriftspråket ikkje har gått gjennom dei same reformene som norsk har.

Bokstavane Þ og ð vert framleis brukte i skrift og uttale. Vokalar og diftonglydar har endra uttale sidan norrøn tid. Alle vokallydar kan uttalast korte eller lange. Lang á vert uttalt som 'ao' (baot).

Det finst nesten ingen dialektforskjellar på Island. Det har nok mest med busettinga å gjere. Dei fleste islendingane bur på den sørvestlege delen av øya rundt hovudstaden Reykjavik.

Færøysk

Det færøyske språket har mange trekk felles med islandsk, men færøysk har endra seg noko meir frå norrønt enn det islandsk har gjort. Det er framleis eit kasusspråk, men genitivforma har falle bort. Verb har person- og fleirtalsbøying.

Språket har vorte påverka av dansk. Derfor er det stor avstand mellom færøysk tale og færøysk skriftspråk. Av dei norrøne bokstavane Þ og ð, er det berre ð som vert brukt, men lyden er ikkje lenger uttalt som han blei i norrønt.

Relatert innhald

Norsk høyrer til den indoeuropeiske språkfamilien. Det er eit SVO-språk, det er eit svakt syntetisk språk, og det har tonelag.

CC BY-NC-SASkrive av Oddvar Engan og Ragna Marie Tørdal. Rettshavar: Dialektxperten
Sist fagleg oppdatert 18.12.2018

Læringsressursar

Norrønt, svensk, dansk og norsk