Kva kan du frå før om pronomen?
På bokmål ser dei personlege pronomena slik ut:
Person og tal | subjektform | objektform |
---|---|---|
1. person eintal | jeg | meg |
2. person eintal | du | deg |
3. person eintal | han | han/ham |
1. person fleirtal | vi | oss |
2. person fleirtal | dere | dere |
3. person fleirtal | de | dem |
Som du ser, har personlege pronomen både subjekt- og objektform. Du bruker desse formene mest sannsynleg ganske korrekt, men er du sikker på kva vi meiner med subjekt og objekt i ei setning? Ta testen under og sjekk. Får du alt rett, kan du trygt gå vidare til oppgåve 3.
Får du nokon feil, bør du repetere enkel setningsanalyse. Det er viktig at du meistrar analysen før du set i gang med pronomena på nynorsk.
Subjekt og objekt i setninga
Dersom du fekk nokon feil i oppgåve 1, bør du legge inn ei rask repetisjonsøkt.
Dei personlege pronomena på nynorsk
Finn du feilen?
I kvar av dei tre nynorsksetningane under er det eitt ord som er feil. Det er den same feiltypen som går att i alle setningane.
Skriv ned det ordet du meiner er feil. Fortel sidemannen med eigne ord kvifor dette ordet er feil, og kva du bør erstatte det med.
- Kvar er boka? Eg la den på bordet.
- Har du sett benken i hagen? Den er ny.
- I går kjøpte Oscar ei ny skjorte. Den var skikkeleg fin.
Løysinga får du i e-forelesinga som kjem etterpå.
Omsetting
Kor mykje kan du frå før om nynorske pronomen? Omsett setningane under til nynorsk. Fasiten kjem i e-forelesinga.
- Har dere sett den nyeste James Bond-filmen?
- Vi ønsker dere alle velkommen!
- Dere må skynde dere.
- Har du sett sokkene mine? Ja, de ligger på gulvet.
- Nei, jeg har ikke sett dem.
- Er det slik man lukeparkerer?
- De er glade i hverandre
- Hvem eier katten?
- Hva skal vi spise til middag?
- Hvilket hus bor du i?
- Hvilke sko er dine?