Kodekammer om høgfrekvente nynorskfeil
I kodekammeret får du utfordringar om vanlege feil elevar som har nynorsk som sidemål gjer. Du skal utfordre ein medelev til å bli først ferdig med kodekammet. For å få til det, bør du øve deg litt før du går i gong. Vi tilrår derfor at de går gjennom desse tre korte læringsstiane før de speler mot kvarandre:
Vanlege nynorskfeil 3: Pronomen og bestemmarord
Kven klarer å komme først til mål i kodekammeret om vanlege nynorskfeil? Gå saman to og to og utfordre to andre i klassen, eller utfordre ein annan og gå gjennom kodekammeret åleine.
Tips:
Du bør ha kodekammeret i fullskjerm for å få navigert riktig.
Leit rundt med musepeikaren. Om handa viser ein peikefinger, har du funne ei oppgåve som kan gi deg eit kodeord.
Målet er å komme ut døra til neste rom. For å få til det må du gjere oppgåvene i ei viss rekkefølge. Start ved pc-en og prøv kodeordet du får der på dei andre oppgåvene du finn.