Øving
Kva kan du frå før om bestemmarord?
Aller først i denne læringsstien skal du friske opp nokon fagomgrep, og du skal sjekke kva du hugsar om ordklassen bestemmarord.
Bestemmarord står til eit substantiv og bestemmer det nærare. Dei blir bøygde i samsvar med substantivet.
Peikeord, eigedomsord og mengdeord
Det finst tre typar bestemmarord: peikeord, eigedomsord og mengdeord. I tillegg reknar vi orda sjølv og eigen til bestemmerorda:
- Denne isen er berre knallgod, altså! (peikeord)
- Ho er kjærasten min. (eigedomsord)
- Tobias har mange interesser. (mengdeord)
- Ho har sjølv valt å lære kinesisk.
- Har du eigen bil?
Repeter nokre omgrep frå grammatikken.
I tabellen nedanfor ser du eigedomsorda vi har i bokmål.
- Kva for eigedomsord har same form i bokmål og nynorsk?
- Kva for eigedomsord har ulike former i bokmål og nynorsk?
- Kva heiter formene som er ulike, på nynorsk?
Eintal | Fleirtal | |
---|---|---|
1. person | min | vår |
2. person | din | deres |
3. person | hans hennes dets dens | deres |
Sett om til nynorsk.
- Min onkel jobber i kommunen.
- Disse skoene er røde.
- En annen gutt, ei annen jente, et annet tre, andre sokker
- Ingen bil, ingen jakke, ikke noe hus, ingen biler
- Har du noen jakke?
- Noen jenter spiller sjakk.
- Jeg betaler maten selv.
- Anna drømmer om jobb, egne penger og egen leilighet.