Fagartikkel
Fordjuping: genitiv i nynorsk
Dersom du synest at du nå har god kontroll på bruk av genitiv i nynorsk, kan du kanskje ta steget opp blant dei vidarekomne?
Til nå har du lært dette om genitiv i nynorsk:
- Vi kan bruke s-genitiv ved særnamn. Da fortel s-genitiven kven som eig noko: Williams pc, Karis sykkel
- Vi bruker s-genitiv i nynorsk ved nemningar for mål: eit tre vekers besøk, ei hundre kilos kveite
- På nynorsk vel vi oftast andre uttrykksmåtar enn s-genitiv, for eksempel
preposisjonsfrasar: Williams pc – pc-en til William
samansette ord: kongens familie – kongefamilien
eigedomsordet “sin”: Karis sykkel – Kari sin sykkel
omskriving med ei setning: måleriets forsvinning – korleis måleriet forsvann - Eigedomsordet sin bruker vi helst når det er snakk om personar som eig noko: Lisa sine foreldre, barna sine tøflar – men helst ikkje "huset sitt tak"
- Alt som er gode uttrykksmåtar på nynorsk, fungerer bra også på bokmål!
Nå skal vi utdjupe reglane litt og sjå på nokon vanlege unntak.
Omskriving med sin har opphavleg vore særleg brukt i vestlege og nordlege dialektar i Noreg, men i dag ser ein at uttrykksmåten også er i bruk hos mange i resten av landet.
Vi kan bruke omskriving med sin både på bokmål og på nynorsk, men det er lurt ikkje å overdrive bruken. Varier mellom dei ulike uttrykksmåtane du har lært om i denne læringsstien, og du får mest sannsynleg ein tekst som er god å lese.
S-genitiv finn vi i ein del faste uttrykk som er i heilt vanleg bruk i både bokmål og nynorsk. Her kjem nokon eksempel:
- dagens rett
- dagens ord
- verdas beste kaker
- ein folkets mann
- ein augneblinks stille
- fjorårets vinnar
- ei god natts søvn
- sommarens favorittar
- årets sensasjon
- livets skole
- for mange herrens år sidan
- eit helvetes bråk
Det finst også nokon veldig gamle faste uttrykk med genitiv-s, for eksempel
- i manns minne
- til sjøs
- til fjells
- til fjords
- til bords
- til gards