Oppgåve
Oppsummering: adjektiv i nynorsk
No skal du formulere det du nettopp har lært, med eigne ord. Da vil du garantert hugse lærestoffet betre!
- Jobb gjerne saman i grupper på tre igjen. Ta eitt og eitt eksempel og sei kva for ein regel eksempelet illustrerer. Hint: Eksempel a) viser samsvarsbøyinga av heilt vanlege, regelrette adjektiv.
- Skriv ned reglane og eksempla og lag din eigen minigrammatikk om nynorsk adjektivbøying.
Eksempel
- ein stor dag – ei stor glede – eit stort hus – store hendingar;
den store dagen – den store gleda – det store huset – dei store hendingane - grei – greitt – greie; flau – flautt – flaue
- ein rosa paraply, ei rosa sløyfe, eit rosa hefte, rosa roser (rosa, strålande, sporty, netto …)
- artig – artig – artige; ærleg – ærleg – ærlege; vettug – vettug – vettuge
- open – opent/ope – opne; kresen, svolten osv.
- finsk – finsk – finske; fransk – fransk – franske
- liten – lita – lite – små(e); det vesle/litle barnet
- snill – snillare – snillast
- billig – billigare – billigast; hyggeleg – hyggelegare – hyggelegast
- ung – yngre – yngst; gammal, stor, liten, ille/vond, få, mange
- romantisk – meir romantisk – mest romantisk
Dersom du vil øve meir på adjektivbøying i nynorsk eller på andre nynorskemne, finn du eit eige nynorsk-øvingsrom på nettsidene til Språkrådet. Her kan du velje dei emna du treng å jobbe med.