Nynorskspelet
Målet med spelet er å samle flest poeng.
De samlar poeng kvar gong de klarer å svare rett på eit spørsmål.
Spørsmåla som ligg i 1 poengs-kategorien er enkle, 2 poengs-kategorien litt vanskelegare og så vidare.
Det er tre spelebrett med ulik vanskegrad.
Lag små grupper. La ei av gruppene først velje kategori og vanskegrad.
Lærar viser spelet på storskjerm, trykker på knappen og spørsmålet kjem opp. Alle andre legg vekk mobiltelefonar og/eller lukkar pc-en.
De har ti sekund på dykk til å komme med svaret.
Dersom de svarer feil, får de 0 poeng.
Turen går til neste gruppe uansett om de svarer feil eller rett.
Ein i klassen må halde styr på kor mange poeng kvar gruppe har.
Den gruppa som samlar flest poeng, har vunne nynorskspelet.
Lag grupper og del inn i to–tre lag.
Følg dei same reglane som over.
Det laget som samlar flest poeng, har vunne spelet.
De kan trykke på pila nede til høgre for fleire rundar og kategoriar.