Bøying av inkjekjønnsord
Rett bøying av inkjekjønnsord er noko mange med bokmål som hovudmål slit med. Årsaka er nok at fleirtalsformene kan høyrast framande ut. Å skrive om fleire "menneske" og "verkemiddel" ligg langt frå talemålet til mange med bokmålsnære dialektar.
Men eigentleg er inkjekjønnsbøyinga ganske enkel, for alle inkjekjønnsorda blir bøygde likt, nemleg slik: "eit barn – barnet – fleire barn – alle barna". Dette er også den absolutt vanlegaste måten å bøye ordet barn på, på bokmål. Derfor er ein god hugseregel denne:
På nynorsk bøyer vi ALLE inkjekjønnsorda slik som bokmålsordet “barn”:
- eit barn – barnet – fleire barn – alle barna
Sagt på fagspråket: Inkjekjønnsord skal ikkje ha ending i ubestemt form fleirtal, og dei skal ende på -a i bestemt form fleirtal.
Les teksten under. Nokre av inkjekjønnsorda i teksten er bøygde rett, andre er bøygde gale. Marker alle orda som er feil.