Øving
To viktige st-verb
Dei såkalla st-verba er verb som endar på -st i alle tider. Det er ikkje så mange st-verb, men vi bruker dei særs ofte når vi skriv.
Desse to vanlege st-verba bør du rett og slett lære deg utanåt:
Infinitiv | Presens (nå) | Preteritum (i går) | Perfektum |
---|---|---|---|
Å finnast | det finst | det fanst | det har funnest |
Å synast | eg synest | eg syntest | eg har synst |
Øv med ein klassekamerat og lær deg bøyinga av dei to verba utanåt. Så er du klar til å gjere den neste oppgåva.
Ver merksam på at st-verbet står i infinitiv etter modalt hjelpeverb (må, kan, vil, skal, bør osb.) – men ikkje elles!