Øving
Øv på sterke verb: etappe 4
Nokon vanlege sterke verb følger same bøyingsmønsteret som verbet å stele. (Verbet å komme følger mønsteret stort sett.)
Infinitiv | Presens | Preteritum | Presens perfektum |
---|---|---|---|
å bere | eg ber | eg bar | eg har bore |
å komme | eg kjem | eg kom | eg har komme |
å sleppe | eg slepp | eg slapp | eg har sloppe |
å stele | eg stel | eg stal | eg har stole |
å vere | eg er | eg var | eg har vore |
Forklart på fagspråket: Desse verba får vokalskifte e – a – o. Lær deg verba og gjer deretter øvingane.