Øving
Ni viktige e-verb
Mange e-verb bøyer vi likt på bokmål og på nynorsk, men det finst nokon svært vanlege e-verb som ikkje får same ending som på bokmål. Dei mest brukte bør du lære deg utanåt, og her kjem det ni verb du bør kunne.
E-verb med stamme som endar på -ei får -dde i preteritum og -dd i perfektum. Lær deg desse to:
- å greie – greier – greidde – har greidd
- å pleie – pleier – pleidde – har pleidd
I tillegg bør du lære dette verbet:
- å arbeide – arbeider – arbeidde – har arbeidd
Fire e-verb skal alltid ha -de i preteritum og -t i perfektum:
- å høyre – høyrer – høyrde – har høyrt
- å køyre – køyrer – køyrde – har køyrt
- å gløyme – gløymer – gløymde – har gløymt
- å gøyme – gøymer – gøymde – har gøymt
E-verb som endar på -ng(e) skal ha -de i preteritum og -t i perfektum.
- å slenge – slenger – slengde – har slengt
- å stenge – stenger – stengde – har stengt
E-verb spesial