Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Vi er fem – ein moderne roman med røter i norrøn tid

Romanen Vi er fem av Matias Faldbakken vann romanprisen for P2-lyttarane i 2019. Kan du finne spor av sagalitteraturen og den norrøne litteraturen i romanen? Kvifor trur du forfattarar lèt seg inspirere av desse gamle historiene? Her skal du rett og slett operere som ein litterær detektiv.

Litterær detektiv

No skal du vere ein detektiv i litteraturen. I den første delen skal du jakte etter inspirasjon frå sagalitteraturen i dei første sidene i romanen Vi er fem. I den andre delen skal du finne referansane til historiene frå den norrøne mytologien.

Relatert innhald

Del A: Les Utdrag 1 av Vi er fem

Les det første utdraget frå Vi er fem. Finn ut korleis du vil karakterisere

  • skrivestilen
  • synsvinkelen
  • personskildringa av Tor
  • personskildringa av Siv

Del B: Vi er fem – ein moderne saga?

Les dei fem første kapitla (fram til "Gunnlaug leikar festemål med Helga") av Sagaen om Gunnlaug Ormstunge. Finn ut kva likskapar og forskjellar det er mellom den moderne romanen og Sagaen av Gunnlaug Ormstunge i

  • skrivestilen
  • synsvinkelen
  • personskildringa
Kva bør du leggje merke til?
  1. Korleis er setningsoppbygginga?
  2. Kva posisjon har forteljaren i dei to tekstane?
  3. Blir det brukt direkte eller indirekte personskildring i tekstane?
  4. Samanlikn personskildringa av Tormod med personskildringa av Gunnlaug
  5. Samanlikn personskildringa av Helga med personskildringa av Siv

Ei lita gåte:

Forfattarane av dei islandske ættesagaene hadde som mål å skape realistiske historier. Det vil seie at dei ønskte at sagaene skulle verke historisk korrekte og objektive. Dei ville fortelje historia om menneska på denne tida på nesten dokumentarisk vis. Dette gjer dei til dømes ved å beskrive ættetavla til hovudpersonane og nøye attgi reiseruter.

  • Det er ei setning i det første utdraget frå Vi er fem som viser at Matias Faldbakken ikkje har same mål som nedskrivarane av ættesagaene: Han ønskjer ikkje at historia om Tor og Siv skal verke realistisk. Klarer du å finne ho?
  • Samanlikn med andre i klassen. Har de funne same setning? Forklar kvarandre kvifor akkurat denne setninga bryt med realismen.
  • Kva funksjon har setninga i forteljinga?

Del C: På jakt etter referansane til den norrøne mytologien

Denne oppgåva kan de gjerne løyse saman i par.

Kan Matias Faldbakken ha blitt inspirert av den norrøne mytologien då han skreiv Vi er fem? No skal de gå på jakt etter inspirasjonskjeldene hans. Spora som kan hjelpe dykk i jakta, er

  • namnet til hovudpersonane
  • skildringa av Sivs utsjånad
  • episoden der Klumpen et Sivs hår

Desse kjeldene bør du utforske for å finne inspirasjonen:

  • framstillinga av Tors kone på s. 10 i denne versjonen av Den eldre Edda
  • historia om Loke, Tor og Siv frå Den yngre Edda. Du kan anten finne originalversjonen på nb.no eller lese historia i modernisert versjon med lekre illustrasjonar av Johan Egerkrans på Spartacus forlag: Loke.

Del D: Korleis bruker Faldbakken eldre tekstar som inspirasjon?

Skriv ein samanhengande tekst der du svarer på desse spørsmåla:

  • Korleis viser sagalitteraturen og den norrøne mytologien seg i romanen Vi er fem?
  • Kva gjer referansane til den norrøne litteraturen med teksten?
  • Kvifor trur du Faldbakken bruker desse referansane?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 30.10.2020

Læringsressursar

Mennesket og maktene