Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Tolkien og norrøn mytologi

J.R.R. Tolkien var professor i litteratur og språk. Men aller mest kjend er han for bøkene Ringenes herre, Hobbiten og Silmarillion. Her får du seks utfordringar. Klarer du å finne ut av korleis han blei inspirert av norrøn mytologi og litteratur? Utfordre gjerne ein annan i klassen til duell.

Oppgåve 1

Det er viktig at du les all teksten inni presentasjonen. Etterpå får du nemleg ein liten test for å sjekke om du har fått med deg innhaldet.

Oppgåve 2

Hugsar du det du nettopp las? Sjekk deg sjølv ved å fylle inn rubrikkane som er tomme.

Oppgåve 3

Diskuter i grupper:

  1. Kvifor trur de Tolkien valde å bruke historier, karakterar og namn frå dei gamle norrøne historiene?
  2. Kjenner de til meir moderne døme på litteratur, spel eller filmar som er inspirerte av den norrøne mytologien eller litteraturen?
  3. Kvifor trur de populærkulturen har så mange referansar til det norrøne? Kva gjer det med tekstane deira?
CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 15.10.2020

Læringsressursar

Mennesket og maktene