Hopp til innhald

Fagstoff

Visjonslitteratur

Visjonslitteratur er dikting som prøver å skildre verda "på den andre sida". Mange av tekstane handlar om endetida eller det som skjer med menneska etter døden. Ein kan ikkje vite noko om dette gjennom vanleg sanseerfaring, derfor må slik kunnskap komme til forfattaren gjennom eit syn, ein visjon.
Landskap der alt liv er dødt. Hodeskalle i forgrunnen. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det som var, og det som komme skal

De fire ridderne i Johannes’ åpenbaring

Mange religiøse skrifter inneheld visjonar. I Det nye testamentet i Bibelen finn vi boka Johannes' openberring. Denne boka skal vere ført i pennen av apostelen Johannes og skildrar openberringane han fekk på øya Patmos. Boka vert gjerne omtalt som ein apokalypse, ei openberring om korleis verda skal gå under, og korleis ei ny verd bortanfor denne skal oppstå.

Og eg såg ein ny himmel og ei ny jord. For den første himmel og den første jord var borte, og havet var ikkje meir. Og eg såg den heilage byen, det nye Jerusalem, koma ned frå himmelen, frå Gud, gjord i stand lik ei brur som er pynta for sin brudgom. Og eg høyrde frå trona ei høg røyst som sa: «Sjå, Guds bustad er hos menneska. Han skal bu hos dei, og dei skal vera hans folk, og Gud sjølv skal vera hos dei. Han skal vera deira Gud.

(Johannes' openberring 21, 1–3)

Visjonslitteratur var ein populær sjanger i det katolske Europa i mellomalderen, og vi finn restar av slik litteratur i Noreg og på Island så tidleg som på 1200-talet.

Diktet "Voluspå" i Den eldre Edda fører oss attende til førkristen tid. "Voluspå" har mykje felles med Johannes' openberring. Her fortel volva (spåkona) om korleis alt ein gong vart til, og spår det ragnaroket som ein gang skal komme, før gudane igjen kan samlast på Gimle.

Om Voluspå

0:00
-0:00
Les utdrag

44. Brør skal drepa brør,
og verta kvarandres drapsmenn,
ættingar skal føra krig
mot kvarandre.
Det skal verta vanskeleg å bu på jorda
i ei tid av utruskap -
i ei øksetid, ei sverdtid,
ei stormtid, ei ulvetid;
skjold skal kløyvast.
Når jorda søkk i sjøen,
skal det vera ingen mann
som er trufast mot ein annan.

Katolsk "skremmelitteratur"

Føremålet med den kristne visjonslitteraturen i mellomalderen var gjerne å omvende folk og få dei til å leve eit gudfryktig liv. Mange av visjonane inneheld utførlege og til dels groteske skildringar av pinslene som sjelene i helvete måtte gjennomgå.

Draumkvedet er eit norsk visjonsdikt, mest sannsynleg frå slutten av mellomalderen. I dette diktet er tonen meir forsonande enn i den samtidige europeiske visjonstradisjonen. Diktet skildrar eit syn (ein visjon) av kva som skjer etter døden. Forteljaren i diktet, Olav Åsteson, fell i søvn på julaftan og vaknar ikkje før trettande dag jul. Då rir han til kyrkje, set seg på kyrkjetrappa og fortel kva han har drøymd.

I draumen har han gått "yver vigde vatne og yver djupe dalar" til han kjem til Gjallarbrua, som skil vår eiga verd frå dødsriket. På ferda gjennom dødsriket får han sjå glimt av både skjærseld, helvete og paradis, og han møter jomfru Maria. Ho ber han dra til Brokksvalinn, plassen der "domen skal stande". Undervegs vert han vitne til kampen mellom det gode og det vonde: Satan med sin hær kjem farande frå nord, medan St. Mikael og Jesus står i spissen for englehæren.

Til slutt får Olav Åsteson sjå kva som skjer med dei angrande sjelene på dommedag. Dei vert vegne på vektskåla, og alle vert dei viste til Jesus Kristus. Ingen sjeler som angrar, er fortapt.

Same tematikk som i "Draumkvedet" finn vi òg i Edda-diktet "Solarljod" og i Dantes Divina Commedia (Den guddommeleg komedie). Dantes verk blir rekna som høgdepunktet i visjonslitteraturen.

Relatert innhald

Dei fleste kulturane har ei førestilling om eit dødsrike, ein stad menneska kjem til når dei døyr.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal og Oddvar Engan.
Sist fagleg oppdatert 30.01.2019

Læringsressursar

Mennesket og maktene