Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Teikn det norrøne verdsbiletet

Korleis såg verdsbiletet til vikingane ut? No skal du prøve å lage ein illustrasjon av korleis kjeldene til den norrøne mytologien framstiller verda. Tek du dei same vala som teikneserieskapar Peter Madsen, som har laga den populære Valhallserien?

Oppgåve 1. Teikn det norrøne verdsbiletet

  1. Les teksten om det norrøne verdsbiletet under. Oppgåva di er å teikne det du les. Orda som er utheva med tjukk skrift, skal alle saman med i illustrasjonen.
  2. Samanlikn med andre elevar i klassen. Har de teikna det norrøne verdsbiletet på same måten?
  3. Diskuter i grupper: Professor i religionshistorie, Gro Steinsland, skriv: "Det nordiske menneskets livsopplevelse er at menneskene er skapninger som lever i en konstant spenning mellom ulike krefter". (Steinsland, 2005, s. 99). Kva kan ho ha meint med det?

Del 1: Det norrøne verdsbiletet

Vi har mange ulike kjelder til det norrøne verdsbiletet, mellom anna Grimnesmål, Voluspå og Gylvaginning. Kjeldene er ikkje alltid samstemde, men teksten under er bitar som er sette saman til ein heilskap så godt det lèt seg gjere.

Tips: Teikn stort frå starten! Her er det mange detaljar som skal inn. Og hugs viskeler.

Midt i verda bur gudane i kjempeborga Åsgard. Og gjennom Åsgard veks kjempetreet Yggdrasil. Det er ein ask og er sjølve verdstreet. Det har enormt lange greiner som rekk ut over heile verda og opp i himmelen. I toppen finn vi ei ørn, og under ei av røtene slangar ormen Nidhogg seg. Mellom ørna og Nidhogg, langs Yggdrasils stamme, spring ekornet Ratatosk og bringar sladder og vonde ord mellom slangen og ørna.

Heimen til menneska, Midgard, ligg utanfor og rundt Åsgard. Det er ei sirkelrund øy omgitt av verdshavet. Dette havet er omslyngja av den enorme og skrekkingytande Midgardsormen, som bit seg sjølv i halen. Åsgard og Midgard er bundne saman av regnbogebrua Bifrost. Alt som ligg utanfor Åsgard og Midgard, blir kalla Utgard. Her finst det vonde kaoskrefter som gudane må kjempe mot.

Yggdrasil har tre lange røter som går ned til tre ulike kjelder. Den eine rota går til landet til jotnane, Jotunheimen. Jotnane er store og slemme, og dei er hovudfiendane til æsene. Rota får her næring frå Mimes brønn. Det var i denne brønnen Odin ofra det eine auget sitt for å bli den klokaste av alle gudar. Den andre rota går til Urds brønn. Her sit nornen Urd saman med to andre nornar. Desse nornane bestemmer over lagnadene til alle folk og æser. Den siste rota går heilt ned til Nivlheim, kor mørke og kulde held til. Det er ved denne rota Nidhogg ligg.

Del 2: Les teikneserien Valhall

I 1979 teikna den danske teikneserieskaparen Peter Madsen første album i Valhallserien. Teikneserien blei ein klassikar. No skal du rett og slett kose deg med det første albumet Ulven er løs.

Det er ein flott introduksjon til norrøn mytologi. Dei første sidene fortel dessutan om det norrøne verdsbiletet. Sjekk om teikninga di liknar Peter Madsen si. Kva andre val har han eventuelt teke?

Oppgåve 2. Det norrøne verdsbiletet – aktuelt i dag?

  1. Teksten om det norrøne verdsbiletet fortel om Urds brønn. Finn ut meir om denne og vikingane si skjebnetru. Om du har lese ein saga, kan du til dømes sjå på kva rolle draumar har i sagaen.
  2. Diskuter i grupper: Kva delar av det norrøne verdsbiletet synest de framleis er aktuelle i dag, og kva meiner de har endra seg mykje? Tips til kva de kan sjå på:
    • Trur vi på lagnaden eller fri vilje? Grunngi
    • Kampen mellom det vonde og det gode
    • Finst det noko guddommeleg?

Kjelder

Holtsmark, A. (1970). Norrøn mytologi. Oslo, Det Norske Samlaget.

Hultkrantz, Å. (1992). Hvem er hvem i norrøn mytologi? Oslo, Arnkrone.

Steinsland, G. (2005). Norrøn mytologi. Oslo, Pax forlag.

Relatert innhald

Valhall er svaret til den norrøne mytologien på himmelen. Korleis blir orda brukt i dag?

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 12.10.2020

Læringsressursar

Mennesket og maktene