Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Til Valhall!

Kva er eigentleg Valhall? Og korleis og kvifor blir ordet brukt i dag?

Del 1

Sit saman i grupper. Sjekk forkunnskapane dykkar:

  1. Veit de kva Valhall er? I så fall: Kva veit de om Valhall?
  2. Kjenne de til moderne bruk av ordet Valhall? Kom med døme.

Del 2: Utforsk skriftlege kjelder om Valhall

Under ser du korleis Valhall blir beskrive i dei norrøne kjeldene vi har. Les gjennom dei og skriv med eigne ord:

  1. Beskriv Valhall. Korleis er livet der? Korleis ser det ut? Kven kjem til Valhall?
  2. Kva verdiar synest du kjem til syne i strofene under?

Frå Eiriksmål

Frå Gylfaginning

Frå Grimnesmål

Hva drøm er dette? (kvad Odin)
jeg tenkte før dag grydde
å rydde Valhall
for falne helter.
Jeg vekket ,
ba de reise seg,
benker strø,
ølkar vaske,
å bære vin,
etter som høvdingen kom.
fra jorden (...)

Fem hundre dører
og førti, tror jeg,
skal det være i Valhall;
åtte hundre einherjer
går på en gang gjennom hver,
når de farer til kamp mot .

Fem hundre golv
og førti, tror jeg,
har i det hele;
av alle saler
jeg så under ,
er salen til sønnen min størst.

Heidrun heter geita
som står på taket til hallen
og gnager av greiner;
et kar skal hun fylle
med klar drikk,
den mjøden minker aldri.

Si meg for det ellevte:
hvor sloss de i tunet
og dreper hverandre hver dag,
faller i kampen,
rir friske hjem,
og sitter sammen som venner?

Alle einherjer
i Odinsgardens tun
dreper hverandre hver dag,
faller i kampen,
rir friske hjem,
og sitter sammen som venner.

Del 3: Utforsk kunst om Valhall

Under ser du tre ulike måleri av Valhall. Samanlikn framstillingane i desse med tekstane du las i del 2.

Gammel illustrasjon av Valhall. Den viser en rekke krigere som rir mot et stort bygg med søyler og utsmykninger.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Maleri som forestiller livet i Valhall. Mannlige krigere, einherjer, sitter ved bordene. De blir servert mat og mjød av kvinnelige valkyrier. Til høyre ser vi Odin med en av ulvene sine.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Maleri som forestiller Åsgard, gudenes bolig i det fjerne. Perspektivet er fra Midgard, menneskenes hjem. Bifrost, himmelbrua går mellom de to.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 4: Korleis blir ordet "Valhall" brukt i dag?

For vikingane var Valhall målet og eit ord med positive assosiasjonar. I dag er det ikkje nødvendigvis slik.

  1. No skal de jobbe i grupper på tre. Under ser de tre oppdrag, og de skal ta eitt kvar. Bruk internett til å finne svar på oppdraga under.
  2. Etter at de har gjort oppdraga skal de fortelje kvarandre om funna de gjorde.

Oppdrag 1

Kven skreiv "I will see you all in Valhalla!" på eit nettforum og fekk legendestatus blant høgreekstreme? Kven hadde denne mannen som førebilete?

Oppdrag 2

Kven var inspirert av personen frå oppdrag 1 og skreiv "Det har vore gøy. Valhall ventar.". Kva for eit politisk syn hadde han?

Oppdrag 3

«Valhall ventar!» brukte ei gruppe norske menneske som slagord då dei var på oppdrag i utlandet. Kven var dette, og kva reaksjonar vekte videoen då han nådde norsk offentlegheit?

Del 5: Norrøn mytologi og høgreekstreme verdiar

  1. Diskuter i grupper: Kvifor trur de den norrøne mytologien generelt og Valhall spesielt fengjer høgreekstreme og norske soldatar i Afghanistan?
  2. Diskuter temaet i klassen. Pass på at poenga til alle gruppene blir skrive opp på tavla.
  3. Skriv ein tekst på ca. 500 ord der du reflekterer over spørsmålet de diskuterte i oppgåve 5a. Bruk gjerne sitat frå Eiriksmål, Gylfaginning og Grimnesmål i refleksjonen din.
CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 09.10.2020

Læringsressursar

Mennesket og maktene