Gå i djupna på førestillingar om livet
Til alle tider og i alle kulturar har menneska omgitt seg med mytiske forteljingar om fortid og framtid, om det som var og det som skal kome. Slik litteratur blir ofte omtalt som visjonslitteratur.
Science fiction er ei nemning på ulike former for moderne, fantastisk litteratur. Omgrepet blei opphavleg brukt om litteratur som handlar om framtida. Her er teknologiske nyvinningar og innverknaden dei har på samfunnet sentrale tema.
Før du startar:
Kvifor trur du det finst så mange historier som fortel om korleis verda blei skapt og korleis ho kjem til å gå under?
Del 1
Vel to eller fleire tekstar som du samanliknar. Du kan òg trekkje inn andre tekstar du kjenner med same tema og låne bøker på biblioteket. Vi gir deg nokre forslag:
Eldre tekstar
Tittel | Sjanger | Lenkje til tekst |
---|---|---|
Voluspå | Eddadikt | |
Johannes` openberring 6, 1–17 | Apokalypse, Det nye testamentet | |
Rolandskvadet | Kvad | |
Josva 6, 1–6 | Bok i Den hebraiske bibelen/Det gamle testamentet | |
Den gylne tida og korleis ho tok slutt | Samisk eventyr |
Nyare tekstar
Tittel | Sjanger | Lenkje til tekst eller omtale |
---|---|---|
Ringenes herre – Ringens brorskap (2001) | Filmatisert roman | Sjå klipp under |
"Kodémus" (1968) | Novelle | |
Bienes historie (2015) | Roman | nrk.no (omtale) |
Dødslekene (The Hunger Games) (2008–2010) | Roman/film | snl.no (omtale) |
1984 | Roman | snl.no (omtale) |
Ringenes herre – Ringens brorskap
Spørsmåla under hjelper deg til å sjå etter likskapar og forskjellar. Ikkje alle spørsmåla er relevante for alle tekstane.
Motiv og tema
- Kva seier teksten om situasjonen før jorda blei til?
- Korleis kjem vondskapen inn i verda?
- Korleis blir jordas undergang beskriven?
- Kven har skylda for at jorda går under eller at samfunnet bryt saman?
- Beskriv teksten korleis jorda skal stå opp igjen eller bli redda? Korleis ser ho ut då?
- Kva er hovudbodskapen i tekstane, trur du?
Form
Beskriv og samanlikn språk og forteljarstruktur i teksten.
- Kva sjangertrekk finn du i tekstane?
- Korleis startar forteljinga?
- Korleis sluttar forteljinga? Er det med eit håp, eller er alt håp ute?
- Kven fortel historia? Er det ein eg-forteljar, eller er forteljaren ei fluge på veggen?
- Korleis påverkar val av forteljar korleis du opplever historia?
- Finn du nokon faste formuleringar som liknar kvarandre i tekstane du samanliknar?
- Er det magiske gjenstandar i tekstane? Kva funksjon har desse i så fall?
- Kva personar og/eller gjenstandar kan representere det gode og det vonde i teksten?
Del 2
Presenter samanlikningane for klassen og diskuter etterpå:
- Kva trekk går igjen i dei fleste tekstane de har lese?
- Kva bodskap har tekstane? Skriv det opp på tavla eller i eit samskrivingsdokument.
- Kva tenkjer de no om kvifor det finst så mange historier som fortel om korleis verda blei skapt og korleis ho kjem til å gå under?
Del 3
Vel ei skriveoppgåve der du bruker lærdommen din om litteratur som handlar om førestillingar om livet.
Kreativ skriveoppgåve
Skriv eit dikt eller ei kort forteljing om korleis du ser for deg tilværet tusen år fram i tid.
Samanlikning
Skriv ei samanlikning av dei to tekstane basert på det du har svart på spørsmåla over.
Fagartikkel
Skriv ein fagartikkel der du drøftar spørsmålet:
Kvifor finst det så mange historier som fortel om korleis verda blei skapt og korleis ho kjem til å gå under?
I drøftinga skal du trekkje inn døme frå minst to av tekstane som klassen har lese og samanlikna.
Relatert innhald
Visjonslitteratur er dikting som prøver å skildre ei hinsidig verd. Mange av tekstane handlar om det som skjer med menneska etter døden.