Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Ulrikke Falch og Holbergs opplysningsprosjekt

Kva likskapar er det mellom Ulrikke Falch og Ludvig Holbergs opplysningsprosjekt?
Kvinner på likestillingsfestival jublar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1: Er du feminist?

Diskuter i grupper:

  • Kva betyr ordet "feminist" for dykk?
  • Vil de kalle dykk feministar? Grunngi.
  • Finst det jente- og guteyrke? Grunngi.

I plenum:

  • Still dykk opp i klasserommet: Dei som vil kalle seg sjølv feministar, stiller seg på den eine sida, medan dei som ikkje vil kalle seg feministar, stiller seg på den andre.
  • Prøv å overtyde nokon frå den andre gruppa til dykkar side. Korleis vil de argumentere?

Del 2: Ulrikke Falch og feminismen

I serien F-ordet på NRK reiser Ulrikke Falch til Mysen vidaregåande skule for å undersøkje kva haldningar elevane har til feminisme. Sjå episoden om kjønn under og svar på spørsmåla:

  1. Kva er det Ulrikke Falch gjer opprør mot?
  2. Kva synest ho er gale med kjønnsrollene i dag?
  3. Korleis reagerer elevane på den vidaregåande skulen i Mysen på Ulrikke Falch sin feministiske bodskap?
  4. Kva for ulike haldningar viser dokumentaren at ungdommen på Mysen har til ordet "feminisme"?
  5. Kvifor meiner Ulrikke Falch at besøket hennar på Mysen er ei stadfesting på at det framleis trengst feminisme?

Oppsummer:

  1. Har de fått ei ny forståing for ordet "feminisme" etter å ha sett episoden? I så fall – korleis?
  2. Diskuter påstanden: "Feminisme er like aktuelt for gutar som for jenter".

Del 3: Ludvig Holberg – den første feministen vår?

No skal du sjå ein kortfilm. Filmen baserer seg på Ludvig Holberg sin roman Niels Klims underjordiske rejse frå 1741 og fortel historia om studenten Niels. Han fell ned i ei grotte og endar i ei underjordisk verd.

Den underjordiske verda blir kalla planeten Nazar. Her møter Niels underlege, menneskeliknande tre.

A) Noter medan du ser på filmen:

  • Kva for ein feministisk bodskap finn du i Niels Klims underjordiske rejse ?
  • Korleis blir kjønnsrollene snudd på hovudet i filmen?

B) Verkemiddel i Niels Klim

Les utdraget frå Niels Klims underjordiske rejse under.

  • Kva er bodskapen i utdraget?
  • Kva verkemiddel bruker Holberg for å få fram bodskapen?

Kvinnene får derimot alle de viktige stillingene både i stat, kirke og militærvesen. Jeg hadde jo tidligere moret meg over potuanerne fordi de ikke skjeldnet mellom kjønnene ved stillingsbesettelser. Men dette folket virket aldeles vanvittig og fullstendig naturstridig på meg. Det eneste jeg ikke skjønte, var at mennene fant seg i å bli utnyttet på denne nedverdigende måten (de hadde faktisk funnet seg i det i hundrevis av år), selv om de var mye sterkere enn kvinnene. Det ville vært latterlig enkelt å kaste åket av seg, hvis de bare hadde hatt mot og mannsvilje nok til å gjøre opprør mot kvinnetyranniet. Men vanens inngrodde makt hadde til de grader sløvet dem at de ikke kunne løfte en finger for å få slutt på den skammelige behandlingen. De trodde det var naturen som hadde bestemt det slik at kvinnene skulle ha makten, og at mennene skulle sy og bake, lappe tøy og vaske gulv og attpåtil få bank. (Owesen, 2010)

Del 4: Tekst i kontekst – kvifor var Holberg feminist?

Vi veit lite om kva som konkret inspirerte Ludvig Holberg. Faktisk var han svært tidleg ute med tankane sine om likestilling mellom kjønna. Men i artikkelen "Ludvig Holberg – en tidligmoderne feminist" foreslår Ingeborg Owesen desse inspirasjonkjeldene:

  1. Querelle des femmes
  2. Poulain de la Barre
  3. Christine de Pizan

Oppdrag:

Finn ut meir om desse tre og forklar korleis dei kan ha inspirert Holberg.

Del 5: Er Holberg sin science fiction gått i oppfylling?

Niels Klim si underjordiske reise har blitt kalla ei av Noreg sine første forteljingar i sjangeren science-fiction. Det som kjenneteiknar sjangeren, er at han fortel om ei tenkt framtid.

Førestill dykk at Ludvig Holberg vende tilbake til Noreg på 2000-talet. Diskuter kva han ville sagt om

  • Ulrikke Falchs innsats for å gjere norsk ungdom til feministar
  • det norske samfunnet i dag

Korleis leggje fram stoffet?

Alternativ 1: Skriv Ludvig Holbergs dagbok på tur i framtida

Alternativ 2: Lag ein kortfilm om Holbergs ferd til framtida

Del 6: Samanlikn Holberg og Falch

Ludvig Holberg var ein del av opplysingstida. Målet hans var å skrive litteratur for å opplyse og å ta lesarane sine i skule.

Vil du seie at Ulrikke Falch gjer det same? Skriv ein tekst på 500 ord der du samanliknar Ulrikke Falch og Ludvig Holbergs bodskapar og verkemiddel.

Kjelder

Owesen I.W. (2010). "Ludvig Holberg – en tidligmoderne feminist". Norsk filosofisk tidsskrift. Henta frå https://www.idunn.no/nft/2010/01/art04.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 18.11.2020

Læringsressursar

Mennesket og maktene