Hopp til innhald

Fagstoff

Mennesket og maktene i moderne litteratur

Korleis er forholdet mellom enkeltindividet og maktene i dag? Med "makter" meiner vi både religion, styresmakter og normer og reglar i eit samfunn. Og er det eigentleg behov for noko opprør mot maktene i det frie Vesten? Vi skal prøve å finne svar ved å utforske tekstar frå 2000-talet.

Vi søkjer svaret i tekstane

Vi vil prøve å vise korleis enkeltindividet stiller seg til maktene ved å utforske ulike tekstar om emnet. Vi kunne nok funne kunnskap om forholdet mellom menneska og maktene ved å studere forsking og undersøkingar, så kvifor bruke andre tekstar som kjelder?

Forfattarane av samtidstekstar skriv om noko som opptek dei nettopp fordi dei lever her og no, i det same samfunnet som deg. Kanskje kan dei til og med setje ord på dette lenge før forskarar? Slik er desse tekstane på mange måtar symptom på noko vi ikkje heilt veit kva er enno.

Full fridom?

Fridom og fornuft er to ord vi ofte forbind med dei vestlege demokratia i dag – fridom til å gjere kva vi vil, og trua på at vi er fornuftige nok til å ta eigne val.

Påstand: Vi har ikkje fleire makter å utfordre lenger. Styresmaktene avgrensar oss ikkje, men legg til rette for at vi skal utfolde oss. Religion eksisterer, men han har blitt så liberal, at til og med homofile kan gifte seg i kyrkja. Og normene og reglane i dag er så grenselause, at vi kan vere akkurat kven vi vil.

Diskuter:

Meiner de påstanden over er riktig? Eller er det synlege og usynlege makter som avgrensar oss i kvardagen?

Makta som kjem innanfrå

Mange av dei største norske forfattarane frå eldre tid har blitt kjende fordi dei kritiserte styresmakter eller den gjeldande moralen i samfunnet på den tida dei levde. Ludvig Holberg kritiserte mellom anna skuleverket og kvinnesynet på 1700-talet, Henrik Ibsen kritiserte dobbeltmoral og konservative krefter på 1800-talet, medan Arnulf Øverland angreip kristendommen si makt over enkeltindividet på 1900-talet. Det desse maktene har felles, er at dei blir utøvde av instansar utanfrå: prestar, politikarar og andre konservative krefter.

I dag ser det ut til at ein del norske forfattarar skriv om makta som kjem innanfrå. Mange av hovudpersonane i den norske samtidslitteraturen blir angripne frå innsida, av seg sjølv. Dei slit med eteforstyrringar, psykisk sjukdom og rus.

Men korleis utvikla desse indre maktene seg? Som lesarar kan vi undre oss over om det er ytre faktorar som har ført til at ein karakter misliker seg sjølv. For ofte er det slik at den negative krafta frå innsida er ein forsvarsreaksjon på eit ytre angrep. Kanskje ligg det ein kritikk av samfunnet i skildringa av den indre makta?

Rusmisbruk og eteforstyrringar

Ei kvinne står på balkongen og røyker. Ho blåser røyk mot fotografen. Foto.

I romanen Heroin chic fortel Maria Kjos Fonn om Elise som blir narkoman. Vi er kanskje vande til å høyre om ein tragisk barndom med ulike former for misbruk som årsak til rusmisbruk, men Elise har ikkje ein slik bakgrunn. Rett nok opplever ho både litt press og motgang i oppveksten, men ikkje meir enn normalt. Likevel sluttar ho både å ete og byrjar å røykje heroin. Maria Kjos Fonn viser oss slik at indre krefter kan ta makt over ein og føre til dårlege val.

Boka kan vere ein representant for ein tendens i samtidslitteraturen: Ho fortel om unge menneske, spesielt kvinner, som kjenner på avmakt, skam og sjølvhat. Dei kan ha gode føresetnader for å lykkast, men av ulike grunnar får dei det ikkje til. Oppgjeret endar ofte med sjølvskading, anten fysisk eller psykisk.

Skam

Men det er viktig å leggje merke til at skam og sjølvhat ikkje berre er eit feminint fenomen. Noregs aller mest kjende forfattar, Karl Ove Knausgård, blei for alvor kjend som forfattar etter å ha skrive tusenvis av sider som, mellom anna, handlar om skam og dårleg sjølvtillit. Seksbindsverket Mitt kamp handlar i stor grad om den indre kampen Karl Ove Knausgård fører med seg sjølv.

Reflekter over:

Kvifor kallar Karl Ove Knausgård romanen sin eit "fridomsprosjekt"?

Kva seier han om eiga makt som forfattar?

Mangel på meining

Om Heroin chic viser kva som kan vere utfordringa til unge menneske i dag, kan Nina Lykkes forfattarskap vere eit symptom på den avmakta mange vaksne føler på. Mykje norsk samtidslitteratur handlar nemleg om det indre presset vi legg på oss sjølv for å vere vellykka. Lykka skal visstnok finnast i kjernefamilien, i det fine huset, på den rette staden og i den rette jobben.

Men dette indre, og ytre, forventningspresset kan du jo bli galen av! Det gjer i alle fall legen Elin i romanen Full spredning. Ytre sett er ho vellykka, bur i den rette bydelen i Oslo og er gift med ein flott mann. Men det ingen veit, er at Elin drikk for mykje, og at mannen er besett av trening. Dei lever separate liv, og den einaste gleda Elin har, er store vinglas og lange kveldar framfor TV-en. Trass i alt det vellykka finn ho inga meining i livet.

Det er ikkje første gongen Nina Lykke skriv om dette temaet. Også romanen Nei og atter nei handlar om norske middelklassemenneske som følgjer normene i samfunnet, men innerst inne ikkje forstår heilt kvifor.

I den korte opplesinga under kan du høyre Nina Lykke lese opp ein samtale mellom ein son og mora hans som stiller spørsmål ved måten dei lever på:

Makta som kjem utanfrå

Hittil har vi altså sett på litteratur som tematiserer korleis indre makter påverkar menneske i Noreg i dag. Men om vi trur at ytre omstende fører til at alle menneske i Vesten kan gjere som dei vil, tek vi feil. Mange menneske blir avgrensa av både fattigdom, psykisk sjukdom i familien og rasisme.

Rasisme og fattigdom

Forfatterdebutant Zeshan Shakar (35) gir ut roman om oppveksten på Stovner. Han står foran en blokk i Tante Ulrikkes vei og ser inn i kamera. Foto.

I romanen Tante Ulrikkes vei fortel Zeshan Shakar om dei to ungdommane Mo og Jamal. Det begge har felles, er at dei bur på Stovner og er barn av innvandrarar. Men elles er dei rake motsetningar: Mo er skuleflink, strukturert og drøymer om å få ein god jobb og kome seg vekk frå Stovner. Jamal droppar ut av skulen, røykjer for mykje hasj og er stolt av heimstaden sin. Jamal føler seg makteslaus på grunn av heimeforholda sine. Boka viser slik korleis både fattigdom og den psykiske sjukdommen til foreldre, grip inn i livsvilkåra til norsk ungdom. Mo, derimot, har støttande foreldre og ei lysande framtid framfor seg.

Men trass i dette føler Mo seg avgrensa av eigen utsjånad. Gjennom auga til både Mo og Jamal får lesaren innsikt i korleis minoritetar i Noreg blir dømde av "dei andre sine blikk". Dei vil aldri bli sette på som norske, sjølv om dei er fødde her og har vakse opp her. Dei vil aldri bli norske, same kor mykje dei prøver. Tante Ulrikkes vei viser oss altså at både fattigdom, dårlege heimeforhold, skulevanskar og rasisme, kan verke øydeleggjande.

Når familien er utrygg

Tidlegare omtalte vi Min kamp av Karl Ove Knausgård som bøker om skam og dårleg sjølvtillit. Dette er altså makter som angrip innanfrå. Men det vi ikkje nemnde, var at mykje av årsakene til Knausgårds sjølvpisking, er påført han av ei ytre dominant makt – nemleg hans eigen far.

Slik føyer Knausgård seg inn i ein trend i samtidslitteraturen: Ei rekkje forfattarar har dei siste åra skrive bøker om korleis det er å vekse opp i eit hus der eiga mor eller far utgjer ein trussel og er ein konstant maktfaktor i livet. Dette gjeld både Bruno Jovanovics Etter hvert vil øynene venne seg til mørket, Sandra Lillebøs Tingenes tilstand og Vigdis Hjorts Er mor død.

Eit ungdomsopprør?

Dagens ungdommar har blitt kalla både flinkisar og blitt kritiserte for at dei ikkje gjer opprør. Mellom anna skreiv sosiologen Gunnar C. Aakvaag ein kronikk med tittelen "Generasjon lydig" der han kritiserer ungdom fødde mellom 1980–2000 for å vere tannlause og ikkje ha eigne meiningar.

Men avmakta mange ungdommar kjenner på når dei ser den manglande handlingskrafta til den eldre generasjonen mot klimakrisa, kan verke både lammande og opprørande. For kva kan ein 17-åring eigentleg gjere når det er dei eldre som sit med den politiske makta og fattar vedtak som kan forverre krisa?

Få har vel sett tydelegare ord på denne frustrasjonen og kjensla av avmakt enn Greta Thunberg:

Makt og avmakt?

Diskuter innhaldet og formidlinga til Greta Thunberg. Kva rolle meiner de makt og avmakt har i talen?

Menneske og maktene i dag – forsøk på ei oppsummering

Tidlegare omtalte vi tekstar som eit symptom på det som skjer i samtida. Om vi skal oppsummere denne korte gjennomgangen av forholdet mellom enkeltindividet og maktene i samtidstekstar, så må diagnosen kanskje bli at det framleis er både indre og ytre krefter som har makt over oss.

Samtidslitteraturen viser oss at det spesielt er dei indre kampane mot oss sjølv som pregar kvardagen vår. Vi slit med å akseptere eigen kropp og vere nøgde med oss sjølv. Avmakta mot oss sjølv kan føre til både psykiske vanskar og sjølvskading. I tillegg strevar mange med å finne ei meining med livet. Samtidslitteraturen viser òg at det som ser ut som eit perfekt liv på utsida, ikkje nødvendigvis er det på innsida.

Så kan vi spørje oss om det er ytre makter som fører til desse indre angrepa? Er det trykket frå media, frå sosiale medium og kravet om å vere vellykka som skaper det indre "monsteret"?

Når det gjeld dei ytre maktene som avgrensar oss, viser samtidslitteraturen at både psykisk sjukdom i familien, fattigdom og rasisme kan avgrense makta enkeltindividet har over seg sjølv. I tillegg ser vi kanskje eit ungdomsopprør på gong? Eit opprør mot ein generasjon som ikkje klarer å handle kraftig nok mot klimakrisa, og som har så mykje politisk makt, at avmakta deira kan vise seg å bli avgjerande for framtida vår.

Generasjon ulydig?

Den nemnde sosiologen Gunnar C. Aakvaag, som kritiserte ungdommen for å vere for lydig i kronikken "Generasjon lydig", skreiv kort tid seinare ein ny kronikk. Denne gongen skreiv han om "Generasjon ulydig". Forsking viste nemleg at generasjonen som var fødd etter år 2000 viste nokre tendensar til opprør mot tidlegare generasjonar. Han grunngir det slik:

For det første er den 20 år lange skikkelighetstrenden som kjennetegnet Generasjon Prestasjon snudd. Ungdata-rapporten fra 2019 viser at dagens ungdoms- og videregåendeskoleelever bruker mindre tid på lekser, trives mindre og kjeder seg mer på skolen, er mer kriminelle, mer voldelige og røyker mer cannabis.

For det andre, og viktigst, så ser dagens ungdom at «de voksne» er i ferd med å kjøre kloden, og derigjennom deres fremtid, i grøften. De svarer med opprør og protest i form av klimastreiker og klimabrøl forankret i et «grønt» kollektivt generasjonsprosjekt: å redde miljøet. De har også funnet sin ledestjerne i Greta Thunberg. (Aakvaag, 2019)

Diskuter:

Kjenner de dykk sjølv igjen i nokon av Aakvaags karakteristikkar? Kvifor (ikkje)?

Kjelder

Aakvaag, G. (2019, 20. september). "Generasjon ulydig". Morgenbladet.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 01.02.2021

Læringsressursar

Mennesket og maktene