Hopp til innhald

Fagstoff

Mennesket og maktene i eldre litteratur

Kva for ulike makter har menneske måtta ha eit forhold til gjennom historia? Vi skal sjå på tekstar som viser korleis ulike maktfaktorar har påverka livsvilkåra til menneske frå år 1000 til 1850.
Mann med grått hår og skjegg iført oransje kappe svevar over landskap med hendene ut til sida. Julius Schnorr von Carolsfeld (1860). Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva meiner vi med "Mennesket og maktene"?

Når vi snakkar om "mennesket og maktene", ønskjer vi å undersøkje kva for ulike faktorar som har vore avgjerande for tankane og livsvilkåra til menneske. Eller sagt med andre ord:

  • Kva for synlege og usynlege makter har mennesket måtta ha eit forhold til gjennom tidene?
  • Korleis kjem dette til syne i litteraturen?
  • Korleis har litteraturen blitt brukt til å utfordre maktene?

I dag

Mange meiner at det norske samfunnet i dag er prega av individualisme og fridom. Vi kan stort sett gjere som vi vil, om vi berre følgjer lovene i landet. Men kva med dei uskrivne reglane og normene? Lèt vi oss styre av kva andre tenkjer og meiner? Har til dømes ikkje dei som ytrar seg i ulike medium stor innverknad på oss – ei "usynleg makt"? Somme hevdar òg at skulen har blitt så viktig for dagens ungdom, at den må sjåast på som den viktigaste maktfaktoren i livet deira.

Før

Både religion, kyrkja, overtru og kongemakt har hatt mykje makt over enkeltindividet i eldre tider. Men også menneska i fortida måtte innordne seg normer og reglar, om enn ganske ulike våre. Til dømes var kjønnsnormene ganske annleis på 1800-talet enn dei er i dag.

Diskuter:

Dei kursiverte orda over er døme på ulike makter som kan påverke tankane og livsvilkåra til menneske.

  • Er det nokon av desse de synest er heilt irrelevante i dagens Noreg?
  • Er det andre makter enn dei som er nemnt over du synest har mykje påverknad på dagens ungdom?

Den norrøne litteraturen

Kva kan lesing av norrøn litteratur fortelje oss om kva makter som påverka vikingane?

Snorres kongesagaer. Foto.

Norrøn litteratur er namnet på litteraturen som handlar om livet i Noreg og på Island i vikingtida. Denne litteraturen blei overlevert munnleg gjennom fleire hundreår og først nedskrive på 1200-talet. Dermed må vi vere varsame med å ta alt som står i tekstane for sanne historier om personar som verkeleg har levd, dette sjølv om mange av tekstane gir seg ut for å vere om nettopp dette.

Likevel kan den norrøne litteraturen fortelje oss mykje om forholdet mellom mennesket og maktene både i vikingtida og i mellomalderen då tekstane blei skrivne ned. Vi skal sjå på kva innverknad både tru, overtru, ære og ætt hadde på livet til folk flest i vikingtida.

Religion

Måleri som førestiller livet i Valhall. Mannlege krigarar – einherjar – sit ved borda. Dei blir serverte mat og mjød av kvinnelege valkyrjer. Til høgre ser vi Odin med ein av ulvane sine.

Vikingane trudde på norrøne gudar, som til dømes Tor, Odin og Frøya. Når vi les islandske ættesagaer og eddakvad, får vi innsikt i at vikingane måtte gi offer til gudane. Dette blei ofte gjort ved festar som blei haldne til ære for gudane. Vanlegvis var det mat eller dyr som blei ofra, men også menneske blei drepne.

Den islandske sagaen Jómsvíkinga saga fortel at Håkon jarl ofra den sju år gamle sonen sin i Slaget ved Hjørungavåg til gudane for å sigre over motstandarane. No skal det seiast at dette langt frå er påliteleg informasjon, men både norske, islandske og utanlandske kjelder fortel at menneskeofring kunne skje blant vikingane.

Gammalt måleri som viser samling på eit gilde. Ein bonde kastar seg mot kong Håkon som sit på trona. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Blota blei sett på som ein uskikk då kristendommen blei innført rundt år 1000. Mellom anna fortel sagaen om Håkon den gode at den kristne kongen Håkon den gode nekta å delta i blot, noko som gjorde dei lokale bøndene så opprørte at han motvillig måtte delta.

Denne historia fortel om ei viktig samfunnsendring som skjedde gradvis: kristninga av Noreg. Alle kongane etter Håkon den gode var kristne, og dei bruke kristendommen til å auke makta si, ved å kalle seg sjølv overhovudet i kyrkja. Denne makta hadde dei ikkje hatt då folket trudde på norrøne gudar.

Overtru

Vikingane var veldig overtruiske. Sagaene fortel at dei trudde eigne draumar var spådommar om framtida, og at sjølv den tøffaste machohelten kunne vere redd for spøkjelse.

I Floamanna saga plagast stormannen Bjørn og familien hans av at Bjørns far går igjen hos dei. Derfor går dei alltid tidleg til sengs. Men helten i sagaen, Torgils, ordnar opp:

Det hendte ofte om vinteren at Torgils hørte det dunke i taket. En natt sto han opp, tok en øks i hånden og gikk ut. Han så en dødning foran døra, stor og forferdelig. Torgils hevet øksa, men dødningen snudde seg vekk og løp til haugen. Da de kom dit, snudde dødningen seg mot ham. De tok ryggtak, for Torgils hadde sluppet øksa. (Sagaen om Floafolket, 2020).

Det endar med at Torgils høgg hovudet av spøkjelset og slik får stor ære. Fleire sagaer handlar om slike historier der gjenferda går igjen hos folk.

Normer og reglar

Ære, skam, ætt og ettermæle er fire omgrep du bør kjenne til når du skal omtale litteratur om vikingtida. Dette var nemleg viktige haldepunkt for korleis kvinner og menn burde handle eller oppføre seg. Det norrøne samfunnet var eit kollektivistisk samfunn. Det vil seie at det er omsynet til storfamilien, gruppa eller det sosiale nettverket som er viktigast.

Vikingkrigar med øks sloss innandørs på grunn av ei silkekappe. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I dei norrøne ættesagaene er jakta på ære, eller det å forsvare æra, stort sett motoren i alle forteljingar. Dei mennene eller familiane som har fått sagaer oppkalla etter seg, hadde alle det felles at dei var ærefulle. Målet var å få eit godt ettermæle; altså eit godt rykte etter døden.

Det motsette av ære er skam. Derfor handla mykje av livet til vikingane om å unngå å gjere skamfulle handlingar. For om du levde skamfullt, førte du òg skam over familien din. Dermed var det viktig for ein mann å vise mot, medan ei kvinne måtte passe på å ikkje vere for frampå seksuelt.

Mennesket og maktene i vikingtida, kort oppsummert

Var det andre makter som bestemde over mennesket i vikingtida enn i dag? At gudane vikingane tilbad var annleis enn våre, er i alle fall klart. I dag er det jo òg heilt vanleg å ikkje tru på nokon gud i det heile. Vi kan altså velje å ta avstand frå religion som makt. Overtru speler i tillegg ei svært lita rolle for dei fleste i dag.

Ætta er nok heller ikkje så viktig for livsvilkåra til enkeltmennesket lenger. Respekten din blir ikkje avgjord av kva besteforeldre, tanter eller fedrar gjer. Noreg er eit individualistisk samfunn, og skjer det ein urett, så forventar vi at staten skal ordne opp, ikkje ætta.

Diskuter:

Men kva med ære og skam i dag? Vil de seie at desse to omgrepa er viktige rettesnorer i livet til 2000-tals-mennesket? Grunngi svara dykkar.

Mellomalder og renessanse

Gammalt måleri som viser korleis menneske festa Jesus til korset. Måleri.

På slutten av 1400-talet og fram til 1600-talet skjedde det viktige samfunnsendringar. Vi kallar perioden frå ca. 500–1500 for mellomalderen. Dette var ein periode der både samfunnet og kunsten var prega av religionen. Kyrkja var mektig på denne tida, og veldig mykje av litteraturen blei skriven på oppdrag frå denne.

Men mot slutten av 1400-talet går vi inn i ein periode vi kallar for renessansen. Det var ein periode der kunstnarar og forfattarar blei interesserte i ideala frå antikken, altså perioden før mellomalderen. Kunstnarar og forfattarar skreiv og måla framleis om det religiøse, men i tillegg blei det gitt ut tekstar og laga kunst som viste meir interesse for mennesket i seg sjølv.

Religion

Men legg merke til at det ikkje er snakk om nokon ateisme i renessansen, altså at mennesket seier det ikkje finst nokon Gud. Renessansemennesket hadde framleis kyrkja og Gud som ei dominerande makt i livet sitt. Poenget er at kunsten og litteraturen ikkje berre var gjennomsyra av religiøse framsyningar.

Noreg blei hardt ramma av Svartedauden som kom til landet i 1349. Dei skrivekyndige blei spesielt hardt ramma, og det blir derfor produsert svært lite litteratur i denne perioden. Elles i Europa er det ein del forfattarar som skriv:

Portrett av Michel de Montaigne. Maleri.

Michel de Montaigne

Religionen blei ikkje utfordra som makt, men forfattarane undra seg over menneskesinnet og meininga med det heile. Mellom anna utvikla franskmannen Michel de Montaigne essaysjangrar og stilte filosofiske spørsmål som "Kva veit eg?" Han undra seg over om det i det heile fanst objektive sanningar i livet. Kanskje all kunnskap berre var subjektive oppfatningar?

William Shakespeare

Også den aller mest kjende renessanseforfattaren, William Shakespeare, var oppteken av mennesket og stilte filosofiske spørsmål om kva som var meininga med det heile. Eit utdrag frå skodespelet Hamlet kan vise kva for nokre kvardagslege makter som tyngde renessansemennesket:

Scene frå Shakespeares drama Hamlet der Hamlet held ein dolk med begge hender. Foto.

Ja, se der er låsen!
Hva vil vi drømme om i dødens søvn
når vi har kastet disse støvets lenker?
Den tanken stanser oss – og det er den
som gjør elendighetens liv så langt.
Hvem ville orke tidens hugg og hån,
tyrannens overgrep, den stoltes frekkhet,
det knuste hjertes kvaler, lovens treghet
og embedsmannens hovmot, alle spark som
langmodig ånd vil få av åndløsheten,
– hvem orket dette hvis han selv formådde
å fri seg fra det med en liten dolk? (Shakespeare, 1959).

Barokken

Når vi kjem til 1600-talet, forandrar kunst, litteratur og arkitektur seg. Vi kallar denne perioden for barokken. I Noreg reknar vi den barokke perioden frå ca. 1650 til 1750. Barokken blir kjenneteikna ved ei pompøs og prangande livsutfolding.

Jesus blir påkledd ei kappe. Hendene hans er bundne saman. Måleri.

Religion og einevelde

Den dominerande makta i kunsten og litteraturen etter renessansen var definitivt kyrkje og religionen. Gud står i sentrum for alt. Oppgåva til diktaren i barokken var å hylle Gud og det kongelege eineveldet av Guds nåde. 1600-talet var nemleg tida eineveldet si tid, og dei eineveldige kongane hadde god bruk for kunst og litteratur for å legitimere makta si.

Medan det hadde vore lite produksjon av litteratur i Noreg på 1400- og 1500-talet, kan vi no snakke om nokre sentrale norske forfattarar. Mest kjende er nok Petter Dass og Dorothe Engelbrektsdotter. Begge er kjende for salmane sine. Spesielt Dorothe Engelbrektsdotters "Aftensalme" viser ein Gud som dominerande makt i alt menneskeliv. Redselen for helvetet var stor, og den einaste vegen til himmelen var å leve eit fromt liv:

Kjære sjel, kom det i hu,
og bekjenn i dette nu
at du som et Adams barn,
henger fast i Satans garn.

Derfor også denne dag
ble det fall og nederlag.
Reis deg, gå med bønnen hen
til din Gud i himmelen!


(Engelbrektsdotter, 2013)

Opplysingstida

På slutten av 1600-talet startar den revolusjonen som så vidt var påbyrja 200 år tidlegare. For medan renessanseforfattarane stilte forsiktige filosofiske spørsmål, var forfattarane på slutten av 1600-talet og 1700-talet nokre rebellar. For første gong kan vi lese tekstar som verkeleg gjer opprør mot maktene!

Politiske institusjonar

Vi kan starte på å sjå på det opprøret filosofar og forfattarane gjer mot politiske makter ute i Europa. Årsaka var i stor grad at land som Frankrike, Spania, Russland og Danmark-Noreg hadde eineveldige kongar. Kongen hevda han hadde fått makta si av Gud, dermed skulle han styre aleine.

Men denne mangelen på folkestyre sette sentrale filosofar og forfattarar spørsmål ved. Både sakprosaen og skjønnlitteraturen frå denne tida speglar trua på at fornuft og opplysing er vegen til framsteg og til eit meir rettferdig samfunn. Prinsipp som folkesuverenitet, maktfordeling og naturretten blir sentrale i diskusjonen om kven som eigentleg skal ha makta i eit land.

Ludvig Holberg

Noregs fremste opplysingsforfattar heiter Ludvig Holberg. Han kritiserte det dansk-norske styret gjennom mange av teaterstykka sine, men open kritikk kunne vere farleg. Derfor måtte Holberg uttrykkje kritikken på indirekte vis, og det gjorde han ved å skrive ein satirisk og fantastisk roman om eit land og eit samfunn som ikkje fanst.

Niels Klims underjordiske reise

Niels Klims underjordiske rejse er Holbergs einaste roman. Den skildrar reisa hovudpersonen har til fantasiplaneten Nazar, der han blir kjend med ideallandet Potu (Utopia). Her rår det religionsfridom og rettssystemet er rettferdig, og kvinner og menn er likestilte. Dette var samfunnsforhold og verdiar som Holberg sakna i samfunnet han levde i.

Jeppe på Bjerget

Jeppe liggjande i baronens seng. Han ser heilt forfjamsa ut. Foto.

Men Holberg ønskte faktisk ikkje eit demokratisk styre i Danmark-Noreg. Han meinte at dei som skulle styre eit land, måtte vere opplyste og kloke. Derfor hadde han ikkje noka tru på at "mannen i gata" skulle delta i det politiske livet. Derfor var han tilhengjar av det "opplyste eineveldet".

For kva skjer med menneske som får makt dei ikkje er i stand til å handtere? Det viser Holberg i stykket Jeppe på Bjerget. Her blir fylliken Jeppe lurt etter at han blir funnen sovande i vegkanten. Ein baron tek han med heim, og då Jeppe vaknar, lurer baronen og mennene hans han til å tru at det er han som har makta. Jeppe går rett på, men viser seg etter kvart som ein forferdeleg makthavar som beordrar drap både her og der.

Ludvig Holberg. Portrett.

Normer og reglar

I det satiriske heltediktet Peder Paars (1719) laga Holberg ein parodi på dei mest kjende verka i latinsk litteratur. Her kritiserer han òg kvinnesynet til datida:

Skal A, skjønt hun er vis, fordi hun er en kvinne,
fordi hun går med skjørt, fordømmes til å spinne?
Skal B, som er en narr, en drukkenbolt, et får,
straks mester være, just for han med bukser går?

Reflekter over:

Synest du teksten til Holberg verkar lite revolusjonerande? Tenk over kor lang tid det gjekk etter utgivinga av Peder Paars til kvinner fekk stemmerett, så forstår du kanskje kor tidleg ute Ludvig Holberg var.

Romantikken

Opplysingstida på 1700-talet var på mange måtar ei hyllest til vitskapen og fornufta. Denne sterke fornuftstrua møtte kritikk mot slutten av 1700-talet, og romantikken overtok som det dominerande kulturelle straumdraget.

Opplysingstida vs. romantikken

Tekstane til opplysingstida er heilt tydeleg ein kamp mot maktene – både kyrkja og autoriteten til eineveldet – og dei normene og reglane som undertrykkjer menneskets fornuft. Det er vanskelegare å sjå kva makter som pregar romantiske tekstar.

Naturen som makt

"Ansicht von Garmisch" av Anton Doll. Måleri.

Men først og fremst kan vi seie at romantikarane set spørsmålsteikn ved nokre av dei ideala og autoritetane som forfattarane og filosofane til opplysingstida dyrka. Dei var dei første som såg konsekvensane av industrialiseringa. Derfor sette dei spørsmål ved om ikkje teknologien hadde overteke naturen. Filosofar som Rousseau og Kant meinte at den einaste rettesnora for mennesket var naturen og den instinktive måten å leve på. Dette prega i stor grad den romantiske kunsten, som såg på naturen som ein autoritet. Dette viste seg igjen i tekstane til dei romantiske diktarane, som i stor grad hylla naturen.

Men dette var nok ikkje noko som prega det vanlege mennesket som gjekk rundt og arbeidde på jordene sine og stelte dyra. For dei var naturen noko å leve av, og kanskje var naturen ofte ein fiende? Dårleg vêr kunne føre til lite avling. Dei som levde av å fiske, var ofte redde for stormar som kunne ta livet av dei.

William Wordsworth står i tankar ute i naturen. Måleri.

Geniet

Ei anna makt som blei dyrka i romantikken var det menneskelege geniet. Individualisme blei sett høgt, og mange kunstnarar peika på at samfunnet kan øydeleggje det vakre og naturlege. Diktarane blei ofte sette på som eineståande menneske som nærast var ein kanal mellom Gud og det vanlege mennesket.

Den norske nasjonalromantikken

I Noreg blei dyrkinga av naturen og det norske like mykje eit opprør mot den danske og svenske overmakta. I 1814 kom vi ut av unionen med Danmark og fekk vår eiga grunnlov. Rett nok tok det ikkje lang tid før svenskane hadde makta over oss, i ein ny union, men vi hadde ei lita stund fått fridommen vår, og no ønskte vi å dyrke det typisk norske.

Dermed kan vi sjå på mykje av den norske kunsten og litteraturen fram til 1850 som eit uttrykk for ønsket om fridom mot den politiske makta som hadde styrt oss i 400 år. Vi dyrka den norske bonden som gjette i fjell og dalar, vi hylla dialektane og leita etter den norske folkesjela.

Mennesket og maktene i eldre litteratur oppsummert

sentrale trekk

Tidsperiode

Viktige maktfaktorar

Påverknad i tekst

Norrøn tid

(700–1350)

Ære, skam, ætt og ettermæle

Gudar og overtru

Sagaer som skildrar heltemodig innsats og kva som skjer med dei som påfører skam på familien.

Draumetyding viktig for handlinga i fleire sagaer.

Mellomalderen

Kyrkje, religion og overtru

Både litteraturen og kunsten tek for seg religiøse motiv. Ofte viser dei fram angsten for helvetet og viktigheita av å leve eit liv som kan føre til frelse.

Renessansen

Framleis kyrkje, religion og overtru, men meir interesse for vitskap og mennesket.

Ein del tekstar handlar om eksistensielle spørsmål som ikkje nødvendigvis blir svart på ved å vise til religionen.

Barokken

Kyrkje, religion og eineveldet.

Mykje salmediktning som hadde som funksjon å hylle eineveldige kongar. Som i mellomalderen handlar ein del tekstar om å leve rett for å unngå helvetet.

Opplysingstida

Vitskapen. For første gong ser vi eit opprør mot kyrkja og religionen som maktfaktorar.

Ein del satiriske tekstar som gjer narr av både kyrkje og eineveldige herskarar.

"Kunnskap er makt", kan seiast å gjennomsyre mykje av litteraturen.

Romantikk og nasjonalromantikk

Eit opprør mot vitskapen som viktigaste maktfaktor. Vender seg meir mot naturen og det guddommelege.

Tekstane hyllar naturen og bruker mykje verkemiddel med naturmotiv.

Diktaren blir hylla som geni, og ei rekkje tekstar handlar om at teknologien øydelegg sambandet til mennesket – til det instinktive, spontane og naturlege.

Kjelder

Engelbrektsdotter, D. (2013). Aftensalme frå Norsk salmebok 2013 : for kirke og hjem. Eide forlag. (Opphavleg gitt ut i 1678).

Sagaen om Floafolket (2020), Islendingesagaene. Samtlige sagaer og førtini tætter. Reykjavik: Saga Forlag.

Shakespeare, W. (1953). Hamlet (A. Bjerke, Overs.). Henta frå https://teaterdialoger.wordpress.com/hamlet/monolog/ (Opphavleg gitt ut i 1601).

Relatert innhald

Valhall er svaret til den norrøne mytologien på himmelen. Korleis blir orda brukt i dag?

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland, Marion Federl, Oddvar Engan, Ragna Tørdal, Heidi Mobakk Solbakken og Jorunn Øveland Nyhus.
Sist fagleg oppdatert 01.02.2021

Læringsressursar

Mennesket og maktene