Oppgåve
Personalhandboka og bedriftskultur
For å forstå "spelereglane" og identiteten til ei bedrift er personalhandboka eit nyttig verktøy for dei tilsette. Personalhandboka kan òg fortelje litt om bedriftskulturen. Korleis kjem dette fram i personalhandboka på din arbeids- eller praksisplass?
Individuelt
Undersøk personalhandboka på arbeids- eller praksisplassen din. Om du ikkje har tilgang til ei slik, kan du jobbe saman med ein medelev som har.
Kva informasjon finn du i personalhandboka?
Kva informasjon er spesielt nyttig for deg som tilsett?
På kva måte speglar personalhandboka identiteten til bedrifta?
- Kan du, ut frå innhaldet i personalboka, danne deg eit bilete av bedriftskulturen i bedrifta?
I klassa
Diskuter svara dykkar i klassa og reflekter over kva likskapar og forskjellar det er mellom dei ulike personalhandbøkene.
Er det nokon som betre enn andre beskriv ein ønskt bedriftskultur? På kva måte kjem dette fram?