Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Rolla di i bedriftskulturen

Har du noka erfaring med bedriftskultur? I denne oppgåva skal de løyse utfordringar i etablerte bedriftskulturar.
Ung kvinne sit med hovudet i hendene, bøygd over kontorpulten. På pulten står ein laptop. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Informasjon

  • Jobb i grupper på to eller tre.

  • Søk på internett for å finne døme på ulike bedriftskulturar.

  • Bruk erfaringar frå praksisbedrift eller andre stader du jobbar eller har jobba.

Oppgåve 1

Case 1

Du trivst veldig godt i bedrifta du jobbar i. Samarbeidet med kollegaer og leiing fungerer bra. De har eit fint pauserom, der dei som har pause samtidig et lunsj saman.

I det siste har det vore noko surmuling på pauserommet og litt visking og baksnakking i gangane. Nokre av dei tilsette er misnøgde med leiinga. Dei føler at dei verken blir høyrde eller sette når dei kjem med forslag til vidareutvikling av drifta eller hyggjelege tiltak for dei tilsette.

  • Korleis vil de løyse ein slik situasjon?

Diskuter i gruppa og skriv ned minst tre forslag til ulike tiltak som kan betre situasjonen. Grunngi svara dykkar.

Case 2

Du, som medarbeidar, går til din næraste overordna i bedrifta og seier at du har lyst til å lære meir om leiing. Du får som svar at det ikkje lèt seg gjere, sidan det ikkje er pengar til dette i bedrifta.

Du diskuterer saka med kollegaene dine på pauserommet, og det er fleire som kunne tenkje seg meir kursing og utdanning. Stemninga byrjar å bli litt oppgitt.

  • Korleis vil de løyse ein slik situasjon?

Diskuter i gruppa og skriv ned minst tre forslag til ulike tiltak som kan betre situasjonen. Grunngi svara dykkar.

Case 3

Arbeidsmiljøet i bedrifta du jobbar i, er veldig bra. Bedrifta legg vekt på at dei tilsette skal bli godt kjende med kvarandre, trivst på jobb og ha det hyggjeleg saman. Nesten for mykje av det gode, då det er mange aktivitetar med jobben òg utanfor arbeidstid. Dette blir etter kvart eit problem for deg, sidan du eigentleg har mest lyst til å vere med venner og familie på fritida.

Du kjenner på det sosiale presset og er redd for å hamne utanfor dersom du ikkje stiller opp på alle arrangementa til jobben.

  • Korleis vil de løyse ein slik situasjon?

Diskuter i gruppa og skriv ned minst tre forslag til ulike tiltak som kan betre situasjonen. Grunngi svara dykkar.

Oppgåve 2

  • Gå gjennom svara dykkar felles i klassa.

  • Diskuter løysingsforslaga.

  • Reflekter over og diskuter kva rolle og ansvar de sjølve har for å skape ein god bedriftskultur.

Sju personar på eit kontor tar bilete med ei selfiestong mens dei skjer grimasar. Foto.
CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 30.09.2021

Læringsressursar

Bedriftskultur