Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Bedriftskultur i sesongbaserte reiselivsbedrifter

Mange reiselivsbedrifter er sesongbaserte. Det vil seie at dei tilbyr produkta sine i høgsesongen, som kan vere ei av dei fire årstidene. Deretter stengjer dei heilt eller delvis resten av året. Korleis byggjer vi bedriftskultur når få tilsette jobbar fast?
Flåm sentrum, med Fretheim hotell i bakgrunnen, utanfor høgsesongen. Det er nesten tomt for bilar på parkeringsplassen og ingen cruisebåtar i hamna. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve i par og heil klasse

Del 1 – i par

  • Undersøk reiselivsbedrifter på heimstaden dykkar eller i nærleiken av der de bur. De kan undersøkje på nettet, eller de kan ringje eller sende e-post til aktuelle bedrifter. Noter ned punkt til ein klassediskusjon.

    • Kor mange reiselivsbedrifter er opne heile året?

    • Kor mange stengjer heilt eller delvis ned etter at høgsesongen er over?

    • Kor mange tilsette har desse bedriftene i høgsesongen, og kva nasjonalitet har dei tilsette?
    • Kva fordelar og ulemper ser de ved å jobbe i ei sesongbasert reiselivsbedrift?
    • Korleis tenkjer de at sesongbaserte reiselivsbedrifter bør jobbe for å skape ein god bedriftskultur? Kva kan fremje eller hemme ein god bedriftskultur?
    • Ta utgangspunkt i ei sesongbasert reiselivsbedrift frå regionen dykkar. Lag eit skriv til alle nye tilsette, på vegner av leiinga. Skrivet skal fortelje om identiteten til bedrifta og om kva ansvar dei tilsette har når det gjeld bedriftskulturen og arbeidsmiljøet. Ta òg med kva bedrifta har å tilby dei tilsette.

    Del 2 – i klassa

  • Diskuter notata dykkar i klassa.

  • Skriv nøkkelord på tavla, og bli einige om korleis ei sesongbasert reiselivsbedrift kan jobbe for – og oppnå – ein god bedriftskultur.

  • Reflekter over eige ansvar for å bidra til å skape ein god bedriftskultur.


Lykke til!

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 12.10.2021

Læringsressursar

Bedriftskultur