Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Eigenskapar hos ein god leiar

Har du deltidsjobb, sommarjobb eller praksisplass i ei bedrift? Uansett så har du sikkert ei meining om sjefen din.
Ei kvinne dreg eit hus som blir halde oppe av fleire menn i dress. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lag ei liste over minst ti eigenskapar du meiner er viktige for ein god leiar. Deretter dannar de grupper på tre–fire elevar der de kjem fram til ei felles liste med eigenskapar. Lag veggavis og heng opp i klasserommet. Samanlikn med lista til dei andre gruppene i klassen. Diskuter likskapar og forskjellar i plenum.

CC BY-SASkrive av Oddvar Torgersen.
Sist fagleg oppdatert 01.05.2018

Læringsressursar

Bedriftskultur