Analyse av bedriftskulturen
Det er mange ulike måtar å analysere ein bedriftskultur på. Ein av metodane liknar på situasjonsanalysen, der vi tek utgangspunkt i at bedriftskulturen er ein viktig del av dei interne arbeidsvilkåra, altså noko som bedrifta sjølv kan kontrollere.
Desse spørsmåla kan vere sentrale i analysen:
- Kva verdiar ønskjer vi at bedrifta skal ha?
- Eksisterer desse verdiane i bedrifta per i dag?
For å finne ut av dette kan det til dømes vere naturleg at bedrifta gjennomfører ei spørjeundersøking på arbeidsplassen. Slik kan ein finne ut korleis dei tilsette sjølv oppfattar bedriftskulturen. Leiinga kan òg velje å leige inn ein konsulent som får i oppdrag å observere bedrifta og kome med forslag til endringar og tiltak.
Det handlar eigentleg om å finne ut kva som er situasjonen i dag, kva retning ein ønskjer at bedrifta skal gå i, og korleis ein skal kome seg dit. I mange coachingmiljø blir denne prosessen kalla SØT:
- S – situasjonen no
- Ø – ønskt tilstand
- T – tiltak for å kome dit