Hopp til innhald

Fagstoff

Kva meiner vi med bedriftskultur?

Kva kjenneteiknar kulturen i ulike bedrifter, og korleis skaper vi ein bedriftskultur? Alle tilsette er med på å forme kulturen, men leiinga speler ei spesielt viktig rolle. Bedriftskulturen kan ha mykje å seie for trivselen til dei tilsette og resultata til bedrifta.
Ei gruppe engasjerte og entusiastiske menneske jublar med hendene i lufta. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bedriftskultur

Bedriftskultur er det settet med normer, verdiar og røyndomsoppfatningar som er utvikla i eit bedriftsfellesskap.

Bedriftskulturen handlar om korleis ei bedrift har lært å løyse problem som oppstår i samspel med omgivnadene, til dømes i møte med klientar, kundar, leverandørar og andre grupper i bedrifta.

"Sånn gjer vi det her!"

Dei tilsette vil halde oppe kulturen så lenge dei oppfattar han som riktig. Nye tilsette blir sosialiserte inn i måten bedrifta tenkjer på. Dei lærer korleis arbeidsoppgåvene har blitt utført tidlegare, og korleis ein samhandlar. Du har kanskje høyrt uttrykket "Sånn gjer vi det her"?

Samtidig utviklar bedriftskulturen seg ved at dei tilsette gjer nye erfaringar og tilpassar seg forandringar som dei møter i ein arbeidssituasjon. Det kan òg utvikle seg fleire kulturar, altså subkulturar, internt i bedrifta.

Slik fungerer kulturen som ei usynleg kraft som kan hjelpe bedrifta med å nå måla sine, eller hindre ho i dette. Derfor er det viktig at leiarar har kunnskap om bedriftskultur.

To unge jenter som jobbar på eit bakeri i Oslo. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kulturinnhald og kulturuttrykk

I ei bedrift kan det altså vere tradisjonar og uskrivne reglar som har vore praktiserte lenge. I tillegg har mange bedrifter ei personalhandbok. Kulturinnhaldet er alle desse skrivne og uskrivne verdiane, normene og røyndomsoppfatningane som dei tilsette blir forventa å halde ved lag.

Men kva oppfattar du når du til dømes kjem inn på eit sjukehus? Merkar du allereie i vestibylen kva slags verksemd dette er, kanskje berre på lukta? Korleis blir du møtte i skranken? Vennleg? Kjølig? Og når du kjem inn på avdelinga, korleis snakkar folk til kvarandre? Verkar det som om dei trivst? Verkar det som om dei er stolte av arbeidsplassen sin? På få augneblinkar har du danna deg eit bilete.

Når du kjem inn i lokala til ei bedrift, er det ikkje sjølve kulturinnhaldet du ser, men berre litt av uttrykket til bedrifta. Det er dette vi kallar kulturuttrykk.

Kulturinnhaldet er ofte skjult

Det er ikkje alltid lett å vite kva som ligg bak kulturuttrykka til ei bedrift. Vi kan gjerne samanlikne forholdet mellom kulturinnhald og kulturuttrykk med eit isfjell. Den største delen av isfjellet ligg under vatn og kan symbolisere kulturinnhaldet. Den synlege delen av isfjellet kan symbolisere kulturuttrykka.

Eit isfjell i Hinlopstredet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bedriftskultur og arbeidsmiljø

Bedriftskultur medverkar i stor grad til å danne rammene for miljøet på ein arbeidsplass. Og eit godt arbeidsmiljø er viktig for fornøgde og friske tilsette som trivst i jobben. Tilsette som er fornøgde fordi dei får brukt talenta sine, får nok ansvar, får tillit og blir tekne på alvor, yter betre enn tilsette i motsett situasjon. Fornøgde tilsette kvir seg for å vere borte frå jobben, medan arbeidstakarar som har eit negativt forhold til jobben sin, har lettare for å finne ein grunn til å vere borte.

Den kulturen som gjeld i ei verksemd, blir dermed heilt avgjerande for kor godt bedrifta går, og det har direkte innverknad på botnlinja – altså kor mykje pengar bedrifta tener.

Gå gjerne inn på nettstaden til Idébanken og sjå nokre av problemstillingane og temaa som ligg under arbeidsmiljø, leiing og bedriftsfilosofi.

CC BY-SASkrive av Carina Hertze Bratli og Live Marie Toft Sundbye.
Sist fagleg oppdatert 21.07.2023

Læringsressursar

Bedriftskultur