Hopp til innhald

Fagstoff

Kvifor er bedriftskulturen viktig?

Ein sterk bedriftskultur kan bidra både positivt og negativt i ei bedrift, og er svært viktig. Han kan vere samlande og styrande, men også ekskluderande og splittande. Å arbeide mot felles mål er lagarbeid på alle nivå, innan nivå og mellom nivå – heile verksemda må oppfatte seg som eit team.
Bilde av kvinne i ein kafé som rekkjer ein kaffi og ein croissant til ein gjest. Bilete.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvifor er bedriftskulturen viktig?

Bedriftskulturen styrer åtferd

For det første er bedriftskulturen med på å styre åtferd. Bedriftskulturen seier noko om kva som er forventa, ønskjeleg, forbode og påbode. Bedriftskulturen gir seg uttrykk gjennom kva ein reint faktisk blir stimulert og oppmuntra til, kva som blir sett pris på, og kva som blir straffa. Ein nytilsett i arbeidslivet må rette seg etter kulturen på arbeidsplassen. Det kan vere utfordrande for nokon, medan andre ikkje synest det er så vanskeleg.

Bedriftskulturen kan gi samhald

For det andre kan bedriftskulturen bidra til å halde bedrifta saman. Samhald er viktig for at bedrifta skal nå måla sine, og ein sterk bedriftskultur kan bidra til felles haldning og målretta praksis. Når bedriftane er store og opererer med mange filialar, kanskje i mange land, er ein sterk og svært tydeleg bedriftskultur spesielt viktig for å byggje ein slik fellesskap. Det krev ei god leiing for å få til dette.

Bedriftskulturen er eit kraftfullt leiingsverktøy

Indirekte kan bedriftskulturen representere eit kraftfullt leiingsverktøy, dersom leiinga evnar å utnytte det. Det å vise fram organisasjonen sine verdiar og stimulere stoltheita og solidariteten folk har til bedrifta, kan vere effektivt i mange verksemder.

Bilete av IKEA-grunnleggjar Ingvar Kamprad og kronprinsesse Victoria av Sverige. Bilete.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Døme: IKEA

Eit døme på ein stor bedrift er IKEA, som er verdas største møbelkjede med 280 varehus i 26 land og 127 000 tilsette. Bedrifta har dessutan over 2 400 leverandørar i 70 land, som alle er nært knytte til IKEA. Likevel har IKEA ein ekstremt sterk bedriftskultur som verkar styrande på nær sagt alle område. Det er her leiinga kjem inn. Grunnleggjaren av IKEA, Ingvar Kamprad, har eigd og leia verksemda gjennom alle år. Han har skapt ein svært sterk indre samanheng mellom forretningsidé, vareutval, forretningsfilosofi, organisasjon, leiarskap og bedriftskultur. Han leiar gjennom å gå føre som eit godt føredøme, gjennom haldningane sine og si ekstreme interesse for alt som går føre seg i IKEA – frå dei store linjene til dei minste detaljane. Han opptrer som ein far for ein stor familie. Ideane, verdiane og ideologien til IKEA er tydelege og synlege overalt. Kven vågar å sløse med ressursane når sjefen og multimilliardæren sjølv lever eit enkelt liv og ikkje viser fram ein luksuslivsstil?

Bilete av eit par med handlevogn utanfor eit IKEA-varehus. Bilete.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Bilete av ei julegryte frå Frelsesarmeen. Bilete.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Døme: Frelsesarmeen

Eit anna døme på ein verdsomspennande organisasjon med ein sterk kultur er Frelsesarmeen. Organisasjonen blei stifta i 1865 og har avdelingar i godt over hundre land.

Frelsesarmeen styrer verksemda si gjennom verdiar. Dei vil kjempe mot fattigdom og sosiale problem og har erklært «krig» mot all vondskap – med kjærleik som einaste våpen. Frelsesarmeen ønskjer å møte menneske der dei er, og tilbyr derfor «suppe, såpe og frelse». Den sterke kulturen og tydelege verdiforankringa har med åra bygd opp ein sterk organisasjon som ikkje berre har eit godt indre samhald, men som også er verdsett langt utover sitt eige miljø.

CC BY-SASkrive av Carina Hertze Bratli.
Sist fagleg oppdatert 25.10.2017

Læringsressursar

Bedriftskultur